Sider

søndag 2. februar 2014

Den djupe kulturen


Den djupe kulturen
i oss
slit og gjer vondt.
Arven frå slekt til slekt
ligg i det inste i meg
og i alle folk.

Styrer oss når
det røyner.

Handlar og gjer
ting og eg
skjønar ikkje
kvifor.

Me vil gjera
det gode
men blir sjølgode
når det røyner og
er oss sjølv nok.

Når me møter det
ukjende
Når me er redde og
urolege
Når me møter
menneske frå
andre kulturar.

Min ven, gjev meg
mot til å møta
det inste i meg. 

(ABM 02.02.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar