Sider

fredag 7. februar 2014

Frå hesten og plogen til internett



Eg hugsar biletet
som mor tok då eg var ti år.
Bror min heldt hesten.
Far min styrte plogen,
og eg heldt taumane.

Det var om hausten 1954,
og potetene skulle opp.

Dette biletet.
Fortel om endringane
frå hesten og plogen
til internett
på 40 år.

Frå eg var ti år.
Til eg er femti år.
Så fort.

Men alltid er åkeren
skogen liene sjøen
og havet
inni meg. 
(ABM 1994 07.02.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar