Sider

torsdag 13. februar 2014

Grunnlova går seg til - til det betre får me tru



Seint og traurig er det å læra
kva fridom er for deg og meg.
At me er verdige er vondt å vera.
Sameleis at alle me er brødre, kjære deg.
Åra gjekk så sakte fram på grunnlovsferda.

Førti år før jødane fekk koma inn.
Bestemør mi skulle giftast bort mot viljen sin.
Bestefaren min gjekk rundt på legd omkring.
Men sakte endra folket tankegangen min.
Orda dei fekk felles klang i gjerning og i sinn.

Seint og traurig er det å læra.
Men sakte endra folket tankegangen sin.
 (ABM 13.02.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar