-Historia
magistra vitae,
fortalde
den gamle
historielæraren.
-Det
er latin,
sa
han.
-Kva
tyder det,
spurde
eg.
-Historia
lærer
oss
om livet,
sa
han.
-Ja,
men då må
historia
starta nett no,
sa
eg.
Berre
då kan eg
hugsa
kva som har
skjedd.
-Du
er ein klok gut,
sa
den gamle
historielæraren.
(ABM 27.02.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar