Sider

fredag 28. februar 2014

Eg maler den gode dagen




Eg sit med den gamle malarkassen min
og tenkjer på om eg skal mala dagen din.
Er du trist og lei deg eller nøgd og glad.
Har du det travelt eller har du det bra.

Eg trur eg vil mala den gode dagen din nå.
Gnistrande gul med mørke strekar og lyse grå
med sol og sommar og blank og fin,
sit du i ljoset med kjæraste venen din.

Eg ynskjer at alle stundom kan ha det slik
at tida står stille i ei solvarm og fredeleg vik.
Du tenkjer på ingen ting, har berre ro og fred.
Du ligg der heilt roleg til sola går ned. 
(ABM 28.02.2014)

torsdag 27. februar 2014

Historia startar nett no


-Historia magistra vitae,
fortalde den gamle
historielæraren.
-Det er latin,
sa han.
-Kva tyder det,
spurde eg.
-Historia lærer
oss om livet,
sa han.
-Ja, men då må
historia starta nett no,
sa eg.
Berre då kan eg
hugsa kva som har
skjedd.

-Du er ein klok gut,
sa den gamle
historielæraren. 

(ABM 27.02.2014)

onsdag 26. februar 2014

Dei maktsjuke


Dei hissar seg opp.
Dei maktsjuke.
Dei same til
alle tider.
Den maktsjuke
har alltid rett.
Alle dei andre tar feil.
Rasar og slår
bestemmer og rår.

I vindauga mot verda
er dei der
Dei maktsjuke.
I fotefara deira
er det liding
og død.
Dei trampar
og går og
bryr seg ikkje.
Dei kjem igjen og igjen.

Dei saktmodige
og milde
når ikkje fram. 

(ABM 26.02.2014)  

tirsdag 25. februar 2014

Å vera midt i


Når vinden bles.
På trygg avstand.
Naturkreftene
som på ein film.
Trea bøyer seg
og bølgjene slår
med kvite toppar
mot land.

Når du står
midt i vinden
ruskar han i deg,
Bøyer og slit deg.
Du står midt i mot.
Alt du klarar.
Med alle
kreftene dine.

Å vera tilskodar
er ein ting.
Å vera midt i
er ein heilt
annan ting.

Det lærer historia
oss kvar dag. 

(ABM 25.02.2014)

mandag 24. februar 2014

Eg kjøper meg ein tidleg vår



Påskeliljene i hagen er gule alt
og gjev meg ei kjensle av vår.
I dag burde det vore hustrig og kaldt.
Men veret er nokså uvanleg i år.

Kanskje seier eg opp abonnementet mitt
på vinter og snø med kulde og is
og kjøper meg ein tidleg vår om litt,
ei påskelilje og litt ljosgrønt bjørkeris.


(ABM 24.02.2014)


søndag 23. februar 2014

Fem mils løpet


Å tenkja ei heil
fem mil på ski
er ein lang og
slitsam tanke.

Å tenkja
ein motbakke
om gongen
er ein kort og
lettare tanke.

Du møter kvar
motbakke.
Kliv oppover.
Så skrir nedover.
Då smiler du.

Så kjem ein ny
motbakke.
Alle desse
motbakkane.
Ei heil fem mil.

Å tenkja på heile
livet
er ein lang og
slitsam tanke.

Å tenkja ein dag
om gongen
er ein kort
og lettare tanke.

Kvar dag har sin
motbakke som
du kliv.
Kvar dag har
nedoverbakkar
Då skrir du og
smiler til
kvarandre.

Alle desse dagane
er livet ditt. 

(ABM 23.02.2014)

lørdag 22. februar 2014

Bakom fasaden


Eg kjenner deg
bakom fasaden.
Der fann eg noko
som eg ikkje
visste om.

Før trudde eg
det var tomt og
aude.
Men under isen
var det eit
yrande liv.

Det var vinter
og kaldt.
Bakom dei morke
og svarte
veggane
var det strålande
ljos, smil
og latter.

Eg såg du sat der
med attlatne augo.
Men eg visste
at bakom fasaden
såg du på meg
og smilte. 

(ABM 22.02.2014)

fredag 21. februar 2014

Det skulle ha vore skotpremie på slike


Det var skotpremie
på skadedyr
då eg var liten,
så som rev,
kråke, trost
og mink.

Dei gjorde skade
for dyr og
menneske og
eg var redd
for lammet mitt.

Av og til lurer eg på
kvifor det ikkje er
skotpremie
på dei verste
skadedyra.
Dei som piner
og drep andre
menneske.
Dei fyller
gravlundane og
konsentrasjonsleirane. 

(ABM 21.02.2014)

torsdag 20. februar 2014

Villepletreet


I den tette skogen
såg eg eit
villepletre.
Eg leita etter
gamle hustufter.
Men ingenting.
I ei vik såg eg
steinar etter
eit gammalt naust.

Eg lurte på
kven som hadde
budd der.
Kva snakka
dei om
med kvarandre.
Kva tenkte
dei på.
Smilte dei
 når dei såg
ljoset over fjorden.
Gjødsla dei
villepletreet
og gledde seg
til epla om hausten.

No er det berre
villepletreet att.
Men det
minner meg om
noko eg burde
tenkt på
og tatt vare på. 

(ABM 20.02.2014)

onsdag 19. februar 2014

Livet og dei mange fargane


Eg vil mala
dagen blå og raud.
Annleis.
Då vil eg kanskje
oppdaga nye
ting med meg sjølv
og med dei andre.

Bryta opp og
endra.
Ser med nye
auge
og høyrer med
nye øyre.

Skapa eit
rikare liv.
Som har vore der.
Men eg såg
det ikkje
før det nesten
var for seint. 

(ABM 19.02.2014)



tirsdag 18. februar 2014

Me kan ikkje gjera noko med det


Våren dukkar opp
før me anar.
Vinteren for forbi
utan å vera vinter.

Det er i grunnen
annleis enn det plar.

I dag ligg det
to båtar på
fiskeplassen
som eg likar best.

Det er i grunnen
annleis enn det plar.

Men det er ikkje
så farleg.
Kvardagane
kjem og går.
Eg møter dei
uansett.
Med glede og
interesse. 

(ABM 18.02.2014)


mandag 17. februar 2014

Det er lite som skal til


Det er velplassert
når sola skin opp
på ein elles grå dag.

Det gir eit løft og
eg vert litt gladare.

Det er velplassert
når fisken nappar
og det er kaldt
og surt i båten.

Det gir eit løft
i ein grå kvardag.

Det er velplassert
når du smiler til meg
og det er heilt uventa.

Det gir eit løft og
eg kjenner meg
lysare til sinns. 

(ABM 17.02.2014)


søndag 16. februar 2014

Me gjer det ettertrykkeleg


I det tidlege ljoset
om morgonen
med ljåen og riva
i mitt niande år.

-Me gjer det
ettertrykkeleg,
sa far min.
-Kva er
ettertrykkeleg?
spurde eg.
-Det er betre enn
skikkeleg,
sa far min.

Alltid etterpå
når eg skulle
gjera viktige ting,
tenkte eg med
meg sjølv
eg gjer det
ettertrykkeleg.
 (ABM 16.02.2014)

lørdag 15. februar 2014

Liten gut


Syng meg ein tone når kvelden er nær.
Syng for meg kjære i morgongry.
Takk for den tida du var meg kjær.
Gled deg kvar stund når dagen er ny.

Ver du mi trøyst når det stundar til
at du går frå meg når dagen lir
at du gjer det om når det er det du vil,
og eg tek med glede imot det livet gir. 

(ABM  15.02.2014)

fredag 14. februar 2014

Kven er fri, like verdig og bror


Eg lurer ofte på
mange ting.
I grunnlova t.d.
snakkar dei om
fridom
likskap
og brorskap.

Eg lurer på kven
som er meir
frie
enn andre
kven er meir
like verdige
enn andre
kven er meir
brør
enn andre.

Eg lurer på
om det er i mitt
fedreland.
dei sender ein
ungdom til
eit framandt land.
Han har budd her
 fjorten år

Dei seier at han
er ikkje
verdig til å
bu i landet vårt
han er ikkje
vår bror
han har ikkje rett
 til å vera så fri som oss.

Eg lurer på
kva grunnlov
me feirar. 

(ABM 14.02.2014)