to millionar barn
i Syria
som svelt, frys
og har det vondt
melde dei i
dagsrevyen
det er uråd
å forstå
det flimrar forbi
i alt det andre
informasjonsmylderet
og eg kan setja
meg tilbake i
den gode stolen min
og
sysla me dei
daglegdagse
tinga
men
to millionar
barn
det
må ha uroa meg
meir
enn anna
skvalder
eg
tenkjer i alle fall
på
dei nett no
(ABM 25.09.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar