Sider

lørdag 7. september 2013



Hei
No skal eg prøva eit lite eksperiment. Eg skriv og legg ut eit dikt kvar dag i eit år. Eg kom på ideen 29.august 2013. Dersom eg får ånden over meg, malar eg eit bilde til nokre av dikta. Då blir bilde og dikt lagt ut ein gong til
Sannsynlegvis vert utgangspunktet ofte ein situasjon, opplevining eller hending den aktuelle dagen. Derifrå flyg kanskje tankane over på litt av kvart..
Innimellom legg eg kanskje ut andre ting også.


29.august 2013

I dag er det gråver
 i lufta.

Eg trur eg
drar ut med båten
og fiskestonga
for å samla tankane

mot hausten.

(ABM 29.08.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar