Eit
stjerneglimt.
Ei
stjerne har eksplodert.
For
mange millionar
lysår
sidan,
seier
astronomen.
Men
eg tenkjer på
kva
som var før
den
første eksplosjonen.
Eg
prøver å sjå og tenkja
alt
eg klarar.
Men
det er uråd.
Tanken
strekk ikkje til.
Mange
trur
at
det var gud
som
tende lunta.
Men
tenk om det
ikkje
var han.
Kven
i all verda
var
det då.
(ABM 05.09.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar