Sider

søndag 8. september 2013

Den lange vegen



I avisa i dag les eg at
tredjeparten av folket
i Syria er flyktningar.

I dag har eg fiska
middag i Langenuen,
Og eg har gått på
rulleski til Jektevik.

Om ei veke er det val.
Politikarane er usamde.

Men eg er ikkje uroa.

Etterpå deler dei litt og
blir samde med kvarandre.

Og eg kan fiska i Langenuen
og gå på rulleski til
Jektevik.

Men det har vore
 ein lang veg å gå.

Frå Harald Hårfagre
og til no. 

(ABM 03.09.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar