Ein ungdomsskuleelev i 9. klasse fortalde at dei skal ha prosjekt om Afghanistan denne veka. Eg fortalde om Drageløparen. Forfattaren fortel om oppveksten i Kabul. Dei måtte rømma til USA, men minna om livet i Kabul då han vaks opp, var med han - og heilt tydelege. Eg fortalde han også om granateplehagane rundt Kandahar og om korleis det hadde gått med dei.
I dag vil eg dela eit dikt som eg skreiv etter avslutninga til Stord ungdomsskule i 2009.
I
går var eg på avslutning
for
tiendeklassingane.
Dei
gledde oss alle med
spel,
song og dans.
Så
fekk dei vitnemåla sine.
Mens
eg sat der,
kom
eg til å tenkja på
granatepla
i Afghanistan
dei
beste granatepla i heile verda
i
skråningane rundt Kandahar
strålande
blomeprakt
om
våren
og
glade menneske
som
plukka epla om hausten
så
kom krigane
og no
er granateplehagane fulle av
bomber
og granatar
Tenk
om, tenkte eg.
(ABM 19.06.09)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar