Sider

søndag 8. september 2013

I Syria og mange andre stader krigar dei mot kvarandre


I går las eg
om ein tyrann.
Han fortalde eventyr
til barna sine
og kyste dei god natt.

Så gjekk han ut
og gav ordre om
å bomba og skyta
på andre sine barn.

Hatet. Det ligg på lur
og ventar.

Eg gøymer andletet
i hendene
og tenkjer ikkje meir
på det.

Ei lita stund. 

(ABM 02.09.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar