Sider

mandag 30. september 2013

Kva tenkjer du på når du les dette?


Ein ungdomsskuleelev i 9. klasse fortalde at dei skal ha prosjekt om Afghanistan denne veka. Eg fortalde om Drageløparen. Forfattaren fortel om oppveksten i Kabul. Dei måtte rømma til USA, men minna om livet i Kabul då han vaks opp, var med han - og heilt tydelege. Eg fortalde han også om granateplehagane rundt Kandahar og om korleis det hadde gått med dei.

I dag vil eg dela eit dikt som eg skreiv etter avslutninga til Stord ungdomsskule i 2009.

I går var eg på avslutning
for tiendeklassingane.
Dei gledde oss alle med
spel, song og dans.
Så fekk dei vitnemåla sine.

Mens eg sat der,
kom eg til å tenkja på
granatepla i Afghanistan
dei beste granatepla i heile verda
i skråningane rundt Kandahar
strålande blomeprakt
om våren
og glade menneske
som plukka epla om hausten
så kom krigane
og no er granateplehagane fulle av
bomber og granatar

Tenk om, tenkte eg. 

(ABM  19.06.09)

lørdag 28. september 2013

Krusifikset i Røldal kyrkje

Eg sit her nede med
Røldal kyrkje
og undrar meg over
kristusfiguren som sveitta
ein gong i året.
og lækte halte
og blinde
sa dei i gamle
dagar.

Pilgrrimen kom
frå fjerne stader.
blinde og halte
med stav og
på krykkjer.

Så stod pilgrimen
framfor krusifikset
ba om lækjedom
og Guds fred.
så gjekk han
derifrå og var fælande
frisk
fortel sogene.

og eg undrar meg over
kva tenkte pilgrimen på
kor hardt måtte han tru.
var han aldri usikker
når han vandra
på den lange pilgrimsferda si. 

(ABM 29.09.2013)

Romskip III

I går la FN fram Miljø- og klimarapport. Ein liten kommentar


Kapteinen snakka i høgtalaren
om framtida si:
-Til høgre ser de
Perleporten vid.

-Skal me inn der nå?

-Nei eg set den
atomatiske piloten på
og så let me ferda gå
på lykke og fromme
i verdsrommet så.

Me syng og er glade
Ei tusen års tid-
til lufta er tett og grå.

-Dette må de ordna nå
De kan ikkje venta til etterpå,
stod det på skjermen då.

Men tida var runne ut.
Romskipet hadde segla aude og tom
som ein svart klump
i det endelause rømderom 

(ABM 28.09.2013)

torsdag 26. september 2013

Ein fri dag

I dag gjekk eg langs
dei vide liene
og innover fjella

Stille i lufta.
Sol mellom høge skyer.

I New York myldrar
det av folk.
I Berlin er det kø
framfor kiosken
på hjørnet.
I London smiler dei
og i Paris helsar
dei på meg.

Men eg orkar ikkje
innom Damaskus
 i dag

Eg vil kvila alle
sansane og hjernen

sitja på fjellet over
den stille fjorden
og tenkja på ingen ting. 

(ABM 27.09.2013)

Stor frykt

Ordet terror tyder
stor frykt

Terroristen gjer
handlingar som
skaper stor frykt.

Terroristen sprengjer
bomber og skyt
seg sjølv og
tilfeldige andre
menneske for å
skapa stor frykt.

Terroristen hadde truleg
foreldre, læremeistrar
og venner. 

(ABM  26.09.2013).

tirsdag 24. september 2013

tenk på talet to millionar

to millionar barn
i Syria
som svelt, frys
og har det vondt
melde dei i
dagsrevyen

det er uråd
å forstå
det flimrar forbi
i alt det andre
informasjonsmylderet

og eg kan setja
meg tilbake i
den gode stolen min
og sysla me dei
daglegdagse tinga

men to millionar
barn
det må ha uroa meg
meir enn anna
skvalder

eg tenkjer i alle fall
på dei nett no 

(ABM 25.09.2013)

Vinteren blir vel lang i år også

I dag skin sola
over store og små.

Varleg, varleg må du trå.

Flyttfuglen sturer
og held pusten nå.

Varleg, varleg må du trå.

Den lange ferda
mot sør skal han på.

Varleg, varleg må du trå.

Så held me pusten
og let vinteren rå.

Varleg, varleg må du trå.

Til fuglen igjjen
sit på greina då.

Varleg, varleg må du trå. 

(ABM 24.09.2013)

mandag 23. september 2013

Hausten og den nye våren

23.09.2013: Eg var på fjellet i dag. Då tenkte eg på eit dikt eg skreiv i 1995. Det høver godt for denne dagen

Dei første
frostnettene.
Den klare
morgonlufta
og dei
 flammande
 fargane.

Forandring
sa dei
mot vinteren.

Men eg ser berre
den nye våren
i det klare
kalde lyset
og i det
gulbrune
gnistrande
lauvet
 på bjørketrea.


(ABM 1995)

søndag 22. september 2013

Ein lys dag for meg og ein grå dag for mange andre

I går var eg med på
bryllaupsfeiring.
Kjekke folk,
spennande aktivitetar
og god glede.

I dag tenkte eg
tilbake på dette.
Med lett sinn.

Heilt til dess
eg såg på nyhenda
på TV om kvelden.

Det var skyting,
bombing og bråk
alle stader.

I Nigeria, i Irak
i Bergen.

Det hatefulle og
det grufulle er ikkje
langt borte.

Slik går dagane.
Den eine og
den andre


(ABM 22.09.2013)

lørdag 21. september 2013

I går og i dag

 I går skein sola
og skyene hang
over fjella
og sa ingen ting.

Fiskane i havet
gledde seg over
vindstille og
sakte straumar.

Folk gjekk omkring
og var folk i
fred og ro.

Slik var det her.

Men sola skin
mange stader.
Også der skyene
er blodraude
frå elden.
Og der folk går
omkring
og skyt kvarandre.

I dag  regnar det. 
(ABM 21.09.2013)

fredag 20. september 2013

Romskip II

-Me er for mange
om bord i romskipet.
Nokre må gå av.

-Kven

Alle som går
inntilbeins.

Dei inntilbeinse
vart kasta av.

-Det er berre slik det 
må vera,
sa dei som var att.

Dei sa det til
kvarandre.
Og til alle som
ville høyra. 

(ABM 20.09.2013)

torsdag 19. september 2013

Romskipet I

Romskipet har
mange rom.

Kjøkken og stove.
Rom til å kvila i.
Rom for det eine
og rom for det andre.

Romskipet har også
eit rom for dei som
gret og skjer tenner.

Dette er rommet for
dei som absolutt
vil ut i
rømdene
og helsa på.

(ABM 19.09.2013)


onsdag 18. september 2013

Tenk om -

Tenk om -
alle gudane
hadde sagt til
kvarandre:
-Nei, no må me
visst stoppa all
kriginga der nede
på jorda.

Tenk om -
menneska
 hadde  sagt til
kvarandre:
-Nei, no stoppar me
alle krigane.

Tenk om -
me hadde
brukt pengane
til nyttige ting.

Nei, no vågar eg
ikkje å tenkja
meir på dette. 

(ABM 18.09.2013)

tirsdag 17. september 2013

Skund deg

Linene kryssar
kvarandre over
dei høge fjella.

Dei kryssar
kvarandre i gatene,
på vegane, i
skogsliene, på
havet, i ørkenen.

Det er sant
i alle dagar
at linene
kryssar kvarandre.

Mellom alle menneske.
Og i alle menneske. 

(ABM 18.03.2013)

mandag 16. september 2013

Du arme menneske

Frå minareten ved
Umoyyadmoskeen i
Aleppo har bøneropa
lydd i tusen år.

Moderne menneske
med internett, mobil
og alt mogleg
har skote og bomba
han i knas.

Og me som  lærte
på skulen at
menneska  for
tusen år sidan
var  rå og primitive. 

(ABM 16.09.2013)

søndag 15. september 2013

Opplevingane følgjer deg

Hugsar du då du
var liten og fiska krabbe.
Ein liten hyssingstubb.

Du låg på kaikanten
-eller ein stein-
såg på livet i sjøen
og krabben
som kom fram.

Du og sjøen og
ingenting anna.
Tolmodig og stum
av fred og ro.

I går var eg på
krabbefest.
Timane gjekk med
sakte mat og
gode samtalar. 

(ABM 15.09.2013)

lørdag 14. september 2013

Turen til det inste i meg sjølv


Me segla langs
Vestlandskysten.

Over fjordar og langs
strender i roleg
haustver.

Rytmen frå havet
i kroppen.

Slik har vestlendingen
segla på havet i alle tider.

Eg kjende i det inste av
meg sjølv
at eg var heime. 

(ABM 14.09.2013)

fredag 13. september 2013

Mørketid og vinter merkar oss

Det mørknar tidlegare om kvelden.
Eg merkar det.
Det merkar oss alle
på eit vis.
Eg blir mørkare
og meir innovervend.

Me førebur oss
til vinteren, seier dei.

Det er vel kanskje slik at
naturen pregar menneska.
Fastare og fastare
etter som hundreår
og tusenår
går sin gang.

Takk og pris for at
det kjem menneske til oss
frå varmare land.
Dersom me slepper dei til,
kan dei gjera den
mørke vinteren
lysare og lettare.


(ABM 13.09.2013)

torsdag 12. september 2013

Glansdagane mine

Glansdagane mine har eg
lagt bak meg.
Eg er ikkje ein gong
heilt sikker
på når eg hadde dei.

Veit du når du hadde
ein glansdag?

Lurer på om eg får
ein glansdag til.

Trur du eg vil vita
når eg har han.
Eller vil eg tenkja
etterpå
no har eg hatt den
siste glansdagen. 
(ABM 12.09.2013)