tanken om å vera god
ser me ikkje mykje av
dei som styrer
tenkjer på seg sjølv
pengar og makt
dei som ynskjer å vera
gode
har ikkje pengar
og ikkje makt
tanken om å vera barmhjertig
har dårlege kår
det svarar seg ikkje for
dei
som har pengar og makt
tanken om å vera miskunnsam
dei skjønar ikkje ordet
dei
som har pengar og makt
tanken om å venda det
andre
kinnet til
har dei ikkje høyrt om
dei
som har pengar og makt
endåtil Jesus Krist
som sa han var guds son
og fortalde oss desse
orda
måtte gje tapt for dei
som har makt og pengar
slik går dagane
den heile historia
(ABM
16.01.2018)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar