Sider

mandag 29. januar 2018

Kontingenten



Det ljosnar om morgonen.
Og eg hentar avisa inn.
Kontingenten er betalt.
 
Eg går på møte om kvelden.
Og høyrer interessante ting.
Kontingenten er betalt.
 
Eg fangar orda om dagen.
Og sorterer dei til kvelds.
Kontingenten er betalt.
 
Eg kviskrar til deg gode ord.
Skal me sjå på månen no i kveld?
Kontingenten er betalt.
(ABM 29.01.2018)

fredag 26. januar 2018

Omvegane


Den beine vegen fram.
Enkel og fin.
Og eg får eit velforma liv.
 
Men det er omvegen
rundt vatnet i kveldsol.
Sakte og vinden krusar
små bølgjer
 
Eller omvegen når
toget er forseinka
og eg sit på perrongen
og snakkar med deg
Kvar kjem du frå.
Bur det mange folk der.
 
Omvegen om sjukehuset.
Eg vil sjå til deg.
Korleis går det.
Du er snart frisk att.
Då dreg me på fisketur
i båten min.
 
Det er omvegane i livet
som gjer livet rikare
og som gjer deg gladare.
(ABM 25.01.2018)

                                          


onsdag 24. januar 2018

Den gode angen


Eg minnest
lukta av tang og tare
og sjø og hav.
Den er i meg
først og sist.
 
 
Eg minnest lukta
av kyrne våre
når eg kom inn i fjøset
om morgonen.
Den er i meg
først og sist.
 
Eg minnest
den gode angen
langt inne i meg sjølv.
Fortel om noko
uforanderleg.
 
Den gode angen
er der sjølv om livet
er stridt og vondt.
(ABM 24.01.2018)

tirsdag 23. januar 2018

Redsle er så mangt


Skuggane i hagen min
puslar og rører seg.
Eg kvepp til kvar gong.
Det er mørke kveld
og vind frå sjøen.
Ingenting å vera redd for
 
Skuggane av folk i den
travle gata
skundar seg forbi.
Det er mørke kveld
og eg veit ikkje.
Ingenting å vera redd for
 
Skuggane av ord i det
inste i meg
skifter og blinkar opp.
Det er mørkt der inne.
Eg veit ikkje kva som
kjem fram
Eg frys og stramar til.
Og kvir meg til
å opna dagen.
(ABM 23.01.2018)

mandag 22. januar 2018

Vintermorgon



Når morgonen vaknar
ein vinterdag,
kjem du sakte etter.
Med god tid og lang frukost
lysnar det ute.
 
Den lange dagen.
Dersom du vil at
noko skal skje,
kan du på deg ta
gode klede og gå ut
i regnet og i vinden.
Stilla deg opp på stranda
og sjå vinden kastar opp
kvittoppa bølgjer.
Måsane heng høgt
oppe i lufta
med utspila venger.
 
Det skjer ingenting.
Alle held pusten
og lurer på om
våren kjem i år også.
(ABM 22.01.2018)
                                          

lørdag 20. januar 2018

Vinden kan snu


Eg sit og malar eit bilde.
Den mørkaste sky
eg får til.
 
Eg ser inni mørket
langt inn i meg sjølv.
Eg rugar på svarte tankar.
 
Då finn eg fram dei lyse
og gladtona fargar.
Kvite og gule og raude
og blå.
Dei hopar seg opp
på den svartaste sky
og lyser og blenkjer
på lerretet mitt.
 
Då jublar eg høgt.
Kva har eg fått til.
Den mørkaste sky
kan gøyma langt
bak i seg sjølv
dei glade og skiraste fargar.
 
Då har eg funne meg att,
kjære ven.
Og så kan me sitja saman i lag
med lyse og gode tankar.
(ABM 20.01.2018)

                                              
 

fredag 19. januar 2018

Sløkk ljoset før du går


Tenk å vera langt av lei
å sitja litt i fred og ro
på trappa ved Montmartre
å vandra i den gamle by
i Roma og Berlin.
 
Å vera langt der borte
på torget i Tasjkent
og vandra rundt i Istanbul. 
Slik tenkjer eg i stolen min
og har det trass alt bra
til dess eg tenkjer reisa meg
då høgg ei smerte til
 
Eg tenkjer litt på alle dei
i denne vide verd
som smertar mykje meir enn eg
og ikkje har dei heim og mat
og ingen stad å dra
(ABM 19.01.2018)
 
 
                                              

onsdag 17. januar 2018

Til alle tider


 
Med huva i handa
kan me få koma inn
nei det er ikkje plass
i herbyrget
de kan vera i stallen
 
Med huva i handa
tenk om eg kunne
få koma inn
sa jenta med
svovelstikkene
ho tende den
siste stikka og
breidde snøen over seg
 
Med huva i handa
kan me få koma inn
me svelt og lir vondt
og det er krig
nei det er ikkje plass
i landet vårt
reis din veg
til dømes heim att
 
Med huva i handa
kan me få vera her
me har vore her alltid
nei landet er vårt
reis over elva
 
Med huva i handa
me jagar deg ut
og byggjer ein mur
me vil aldri sjå deg meir
 
Mennesket er seg sjølv
til alle tider
dei fleste må stå
med huva i handa
(ABM 17.01.2018)

tirsdag 16. januar 2018

historietime


 
tanken om å vera god
ser me ikkje mykje av
dei som styrer
tenkjer på seg sjølv
pengar og makt 
dei som ynskjer å vera gode
har ikkje pengar
og ikkje makt
 
tanken om å vera barmhjertig
har dårlege kår
det svarar seg ikkje for dei
som har pengar og makt
 
tanken om å vera miskunnsam
dei skjønar ikkje ordet dei
som har pengar og makt
 
tanken om å venda det andre
kinnet til
har dei ikkje høyrt om dei
som har pengar og makt
 
endåtil Jesus Krist
som sa han var guds son
og fortalde oss desse orda
måtte gje tapt for dei
som har makt og pengar
 
slik går dagane
den heile historia
(ABM 16.01.2018)
                 



 


 

mandag 15. januar 2018

Smertelindring



 
 Du sit i stolen heilt i ro
smertene er borte no. 
 
Du drøymer om å gå og gå
langs strendene
i skogen og i fjella.
 
 
Vinden krusar vatnet
du ser det inne i deg sjølv
eit bilde klårt og skarpt.
 
 
Det gråe lyset raudnar litt
når sola ho går ned
og natta stundar til.
 
(ABM 15.01.2018)