Sider

søndag 30. desember 2018











No er manus og bilde levert til forlaget. Dei seier at dei startar med redigering o.a. av boka mi etter nyttår. Eg håpar ho blir ferdig til 21. februar då skal eg lesa dikt og fortelja på Galleri Borghild.





                                                                                                                                                      

































tirsdag 9. oktober 2018

Etter frostnettene



 
 
Dei kvite kalde
lysstripene
ein haustmorgon
etter frostnettene.
 
Dei varme og
dei kalde fargane.
 
Alle ting luter
mot vinteren.
(ABM 14.10.2005)

søndag 7. oktober 2018

Den blåe tonen



Alle dei blåe fargane.
Det store havet,
og fjella langt innover.
 
Blåfargane tonar
bakover
så langt eg går.
 
Forteljinga om
dei lange linene.
Om du og eg
og alle dei andre.
Om besten og bestå
og langt tilbake.
 
Den blåe tonen
i landsbyen vår.
(ABM 07.10.2018)

torsdag 4. oktober 2018

Men livet då?



Eg var ikkje stor
då eg såg det.
Figurane hoppa og spratt.
 
Fargane spegla og singla
så skræmeleg stygt
og så rått.
 
Men langt der borte i vest
strålar ein solnedgang
i raudt og i gylden oransje.
Fargar himmelen
slik eg hugsar det best.
 
Og så går
den eine dagen og den andre.
Hopar seg opp på kvarandre.
 
Snart må me vel ha brukt dei opp.
Du kjære.





Dei dagane som var til deg og meg.



Eg snur og vender meg vekk.
Det lakkar og lir,
og snart er hausten her.
(ABM 15.09.2018)
 
 
 

tirsdag 2. oktober 2018

Det er uråd å forstå




Me song dei kjende songane
når dagen gjekk mot kveld.
 
Pianoet stemde i
så mjukt og varsamt.
 
No fell bombene
tvers av gata
og byen står i eld.
 
Eg bad ikkje om krigen no.
Heller ikkje veslejenta mi
eller alle grannane
her omkring.
 
Me gøymer oss
så godt me kan.
 
Det er lenge fram
til pianoet
stemmer mjukt
og varsamt i.
(ABM 01.10.2018)

God natt




Nedanfor kan du lesa det eldste diktet og bildet eg kan finna av alt eg har laga. Dei aller fleste dikta og etter kvart mange bilde som eg laga frå eg var 9-10 år og til slutten av 1970-åra har blitt borte. Etter det blei eg flinkare til å ta vare på dei.
Diktet og bildet vart laga i 1962 i hytta på Kvamskogen. Bildet er mala med vassfargar. Eg limte bildet på ei plate og laga ramme av bjørkekvistar. Eg hengde det opp på loftet, og der heng det enno, 56 år seinare.
 


Still og mørke
kveld. 
 

Husa luter
imot natta.
Månen vaknar
litt om senn.
Grinda ho er
bunden fast.
 

Sov no godt
min kjære venn.
(ABM 1962)

                                                                                       


lørdag 29. september 2018

Den daglege meldinga: Likevel vart det krig


I dag kom eg over eit dikt som eg skreiv i 1992. Dessverre er det like aktuelt no som det alltid har vore i historia til menneska. Historie burde vore eit viktig fag i alle skular i heile verda. Kanskje ville menneska lært litt om at dei same feila treng me ikkje gjera om att heile tida.

Eg såg han i Dagsrevyen.
Han var gammal og sliten.
 
Så sa han:
-Me har barn og barnebarn.
Det var barnehagar, skular
og idrettslag.
Legar, helsesøster
og andre gode menneske.
Songkor, målarkunst,
musikk og bøker.
 
Uff, sa me når me såg
krig og skrekk og gru
I TV.
 
Så eksploderte ein granat
i huset tversover gata.
I hans gate.
(ABM 1992)

mandag 24. september 2018

Det skal så lite til






 
Kvelden kjem til
deg og meg
når natta
stundar til. 
Og dagen er forbi. 
 
Ein augneblink
eg fekk eit smil
og hjartans takk. 
 
Då ser eg lyset
over himmelen
i denne kvelden
kald og grå. 
 
Og natta blir
litt mindre natt.
Det tenkjer eg
i hjarta då.
(ABM 18.01.2016)

søndag 23. september 2018

Ved vegs ende



Den lange vegen ut.
Og den lange vegen
heim att.
No er eg ved
vegs ende. 
Eg har alt eg treng-
og eg kan sitja her
i den uverkeleg
stille vårkvelden
og tenkja på
ingen ting.
(ABM 05.04.2016)

Ord i dag 02.07.2018



                                       
                                                  I dag er det strålande
sol og sommar. 

Men eg ser fram til
det gråe ljoset
og dei mørke skyene
over fjella.
Tåkedis i liene. 

Eg gler meg til hausten.
Kanskje har smertene
sleppt taket.
Då vil eg tola
regnet, vinden
og tunge skyer.
 
 Så går eg over myrene
opp liene
og til den høgaste toppen. 

Der skal eg stå
og gle meg.
(ABM 02.07.18)
 

lørdag 22. september 2018

Robåten og verkstaden



Ljoset ramma
barndomsstranda mi
inn i gull.
 
Sjå robåten
til onkelen min
ligg der til venstre.
 
Og bakom bildet
låg verkstaden
til Alberten.
Der laga eg og
kameraten min
mange ting.
 
Lengre borte ligg
verkstaden til
onklane mine.
Med farlege maskiner
og god lukt.
(ABM nov. 1995)
 
 

torsdag 20. september 2018

Hausten er på veg


Sommaren sluttar no
og hausten er på veg.
 
Han møter meg
i all si fargeprakt.
 
Så går eg gjennom regnet.
Så går eg gjennom vinden.
 
Heilt til all naturen
og heile verda
fell til ro.
(ABM 08.09.2018)
                                       
                                                                               

torsdag 13. september 2018

Tidleg morgon ved havet



Fiskarane kom
nettopp inn
med fangsten.
 
I dag er dei her.
 
Ein annan morgon
er dei borte.
 
Då er det berre
dei varme
vindane
og dei blå
fargane
langs strendene
ved havet.
(ABM 16.01.2011)
                                                                                 
                                                                                

lørdag 1. september 2018

Den kvite og svarte draumen



I mørke natta drøymde eg
i kvitt og svart.
 
Fæle bilde, vonde ord
kom fram
frå langt der inne.
Alt i kvitt og svart.
Det skremde meg og
gjorde vondt.
 
Ljosglimt, bomber og
granatar, brannar
folk som skrik.
Alt i kvitt og svart og
utan lyd.
 
Eg vakna i all skrekk og
gru. 
 
Heldigvis så sovna eg
så smått om senn.
Og stille bris
frå fjorden min
kom fram langt inne
i meg sjølv.
 
Med småe bølgjer
kringom båten.
 
Men også no var
draumen min så
skremeleg i
kvitt og svart.
(ABM 30.08.2018)
 

onsdag 29. august 2018

Ord i dag 29.08.2018



Eg eig ikkje tida.
Eg låner berre
eit lite sekund.
 
Eg eig ikkje jorda.
Eg låner berre ein liten bit.
 
Eg eig ikkje deg, min kjære.
Berre ei lita stund,
er me saman
her på jorda,
du og eg.
 
Alt som me låner,
må me ta oss i vare
og gleda oss over,
kvar einaste dag.
 
Alt som me låner
skal me gje vidare snart.
Til dei som kjem etter.
 
Eg lurer litt på i dag,
-med all redsel og gru
rundtomkring-
om dette er noko me greier.
(ABM 29.08.18)