Nedanfor kan du lesa det eldste diktet og bildet eg kan finna av alt eg har laga. Dei aller fleste dikta og etter kvart mange bilde som eg laga frå eg var 9-10 år og til slutten av 1970-åra har blitt borte. Etter det blei eg flinkare til å ta vare på dei.
Diktet og bildet vart laga i 1962 i hytta på Kvamskogen. Bildet er mala med vassfargar. Eg limte bildet på ei plate og laga ramme av bjørkekvistar. Eg hengde det opp på loftet, og der heng det enno, 56 år seinare.
Still
og mørke
kveld.
Husa
luter
imot
natta.
Månen
vaknar
litt om
senn.
Grinda
ho er
bunden
fast.
Sov no
godt
min
kjære venn.
(ABM 1962)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar