Me song dei kjende
songane
når dagen
gjekk mot kveld.
Pianoet stemde i
så mjukt og varsamt.
No fell bombene
tvers av gata
og byen står i eld.
Eg bad ikkje om krigen no.
Heller ikkje veslejenta
mi
eller alle grannane
her omkring.
Me gøymer oss
så godt me kan.
Det er lenge fram
til pianoet
stemmer mjukt
og varsamt i.
(ABM
01.10.2018)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar