Sider

søndag 24. desember 2017

Skunda på


Skunda på
for no er dagen slutt
det mørknar over fjorden.
 
Skunda på
eg ser du har det travelt
du leitar etter mat.
 
Skunda på
for hjelmen står og passar på
at me går heim i natta nå.
 
Skunda på
i teltet er det ingen ting
eg legg meg svolten no i kveld.
 
Skunda på
å vera flyktning i eit framandt land
eg håpar huset står der heime.
(ABM 21.12.2017)

Det røyner på


 

 

Det røyner på
for oss når jula nærmar seg
og maten skal i hus
 
 
og pakkene på plass. 
 
Det røyner på
for oss når regnet kjem
og snøen smeltar vekk,
då kan me gli og slå oss.
 
Det røyner på
for oss når dagen går
mot seine kveld
og mange ting er ikkje gjort.
 
Det røyner på
for dei som lite har
som gneg på gamle brød
og ingen ser til dei.
 
Det røyner på
for dei som flyktar ut or
huset sitt og landet sitt
og svelt i hel så sakte.
 (ABM 20.12.2017)

lørdag 23. desember 2017

19. desember 2017



 
 
I jula syng me
«slekters gang» og
«fred på jord».
 
I dag
ligg eg på sjukehus
og opererer vekk
den gamle hofta
og får meg inn ei ny.
 
I dag
er eit barnebarn
på sesjon og skal inn
i militæret.
 
I dag
får eit anna
barnebarn ein liten gut
mens eg vert operert.
 
Slektene går
«slekters gang.
 
Men kva tid trur du
det vert
«fred på jord».
(ABM 19.12.2017)

torsdag 14. desember 2017

historia går rundt og rundt


det ljosnar over davids by
 
jødane vart spreidde rundt
av keisaren i roma
men evangeliet
om jesus krist
det nådde langt og lengre
bortom dei
 
palestinar og arabar
flytta inn i israel
dei hadde ikkje anna land
 
så kom korsfararane
etter tusen år
med skrekk og gru
og tok jerusalem
 
så gjekk det nokre
hundre år
og arabarane dei tok
byen att
 
etter nye åtte hundre år
og jødane fekk landet att
 
og davids by ein evig
stad for kristne, jødar og arabar
 
denne soga rundar
rundt på ny
i dag i morgon og på ny
kven eig den gamle by
(14.12.2017 ABM)

 

tirsdag 12. desember 2017

Dagane går sin gang



Innanfor er ljos.
 Skinande og glede.
 
Utanfor er dei tronge
Fjordane
det vide havet.
Storm og dei ville
bølgjene
som slår og slår
mot strendene
mine.

(ABM 12.12.2017)


fredag 20. oktober 2017

God reise


 
Når du har vandra
langt og lenge,
og er motlaus
og trøytt og lei,
er du heldig og
møter ein ven.
Inne i dette
landskapet
snakkar de
om mange ting.
Det underlege ljoset,
fjorden og fjella.
langt innover.
-Eg ser våren
kjem i år også,
sa du.
Så gjekk eg
og du gav meg
den gamle
irske helsinga:
”Må vegen ta
vel imot deg.
Må vinden alltid
bera deg fram.
Og må gudane
halda handa si
over deg.”
 
(ABM nov. 2009)
 
 

onsdag 18. oktober 2017

Ville menn leikar med atombombene sine, tenkte eg


 
På forrige side på GalleriABM la eg inn eit dikt i samband med at folk som arbeider med å nei til atomvåpen fekk fredsprisen. Bildet eg malte til det diktetser du her. Så fann eg fram eit dikt eg laga i 1983 som eg kalla: "Ville menn leikar med atombombene sine, tenkte eg." Det forunderlege og nifse er at det framleis er ville menn som leikar med atombombene sine. Arme menneske. 
 

 

I går gjekk eg i motatomvåpentog.
Fremst var parolen:
USA-SOVJET STOPP ATOMOPPRUSTNINGA. 

Gjennom heile marsjen gjekk ei
lita jente og heldt i eine parolestonga.
Jenta hette Anneli og var snart fire år. 

Ho hadde blå regnjakke
og hue med Kandahar på.

Og så hadde ho tindrande auge
og ho fortalde heile tida om
viktige ting i livet sitt.
 
Ho fortalde og fortalde,
om dokkene sine, om bilar og om å fiska
med pappa, og om i morgon når ho
skulle leika i sandkassen. 

Og så var det ein som heitte Vesle-Øystein
og ein som heitte Store-Øystein. 

Ho hadde blå gummistøvlar og små fingrar.
 
Eg gjekk rett bakom henne.

(ABM 1983)

 

mandag 9. oktober 2017

trur du jorda berre er di



 den eine augneblinken
og den neste
 
ingen forandring,
sa du
 
kva er den raude sola
og ingenting
sa eg
 
det er berre livet
sa du
 
berre livet
og så
sa eg
 
(ABM 09.10.17)

 


sei noko til meg før dagen er omme



 

det inste i meg
langt der inne
som eg ikkje styrer
som kjem fram
med ord og bilde
som eg skriv
og teiknar
 
seier ingen ting no
 
eit grått teppe
inne i meg stengjer
i dag malte eg eit
stormpiska hav og
ei tremasta seglskute
eg trur eg prøvde å få
det inste  i meg til å
vakna opp og sei noko
 
håvard 5 år spurde
besten er du ferdig
med bildet
ja har du lyst på bildet
ja takk eg vil ha det
på rommet mitt
 
haustdagen går mot
kveld no
sei noko til meg
før dagen er omme
og det kalde mørket
legg seg
langs strendene.
 
(ABM 07.10.2017)

fredag 18. august 2017

eg leitar etter deg




det mørke og det lyse skifter
og glir over i
kvarandre
også i det inste i meg
 
det kjem fram
det lyse
og gjer meg glad
det mørke
som fargar lyset svart
 
den mørke himmelen
og det skirande kvite
dei lange tomme
viddene
 
endåtil då ser eg deg
kjære
i lyset som skimrar
 
(ABM 01.05.2017)


 

lørdag 5. august 2017

Dei tunge stundene kan delast


 

Skriv til meg
når du er motlaus.
Når dagane dine er tunge.
 
Fortel meg kva
du tenkjer på
i det inste
av deg sjølv.
 
Så kan eg lesa
brevet ditt
og fella tårene dine
 
(ABM 1983
 
 

onsdag 2. august 2017

Den rare historia


lån meg eit hjarta for dei som lir
i Syria, Israel og Gaza by
tørk tårene deira når lufta svir
 

gje meg ein tone frå fjorden blå
lia og fjorden er nære meg nå
 

lån meg eit hjarta for dei som lir
i verda så stor og så vid
gje dei ei pute å kvila på
og frukost når morgonen kjem
 

gje meg ein tone, la bølgjene slå
djupt inni skuggen av strendene då
gje meg ein tone frå fjorden i kveld 

(ABM 02.08.2014)

fredag 14. juli 2017

Til deg




 
                                                         På veggen tikkar klokka.
Saktare no enn eg hugsar før.
I senga ligg du på det siste.
 

Ta godt imot ho når ho kjem
så vil ho lesa dikt til deg
om båten sin
og pusen som vil inn.
 
       Far du vel.
 
Ver med meg, kjære
når hauststormane mine
stundar til.
 
(ABM 12.07.2017)

søndag 14. mai 2017

eg veit ikkje men kanskje er det slik


 

 
eit støvkorn i ørkenen

eitt av mange mange
 

ei stjerne fell i natt

ei stjerne ei av alle
 

eg ser dei i det inste

langt der inne i meg sjølv
 

eit støvkorn og ei stjerne
 

ver med meg denne stunda

og hald i handa

kjære du

 

(ABM 10.05.2017)

lørdag 4. februar 2017

Eg er her ennå




Det skumrar over
fjorden vår
når kvelden
går mot natt.
 
Me finn oss ly
i heimen då
til ljoset det kjem
sakte att.
 
 
Stundom er eg
motlaus,
trøytt og lei.
 
Du gjev meg
handa då.
Det ljosnar
inni meg på ny.
 
Gje meg tonen
frå fjorden blå.
Lia og fjorden
er nære meg nå.
 
(ABM 12.01.2017)

 

onsdag 1. februar 2017

Dette tenkte eg på i dag



 

 

Kven skal me skulda på
denne gongen då?
 
Mennesket
-homo sapiens-
har innebygd
inne i seg sjølv
trongen til å tru
på ein figur eller
ein gud.
 
Den imaginære orden.
Definerer flokken
me høyrer til.
 
I ei kaotisk tid
dukkar dei opp
Aleksander den store,
Muhammed, Heilag
Olav, Napoleon
Stalin, Hitler
Pol Pot og IS
som nokre døme.
 
Og no fryktar eg at
Putin ogTrump
kvar for seg
vil laga sin eigen
imaginære orden
med seg sjølv som Gud.
 
Tenk om
det nye mennesket
i vår tid
vil reisa seg og sei
at no er det nok.
 
(ABM 01.02.2017)