Sider

mandag 9. oktober 2017

sei noko til meg før dagen er omme



 

det inste i meg
langt der inne
som eg ikkje styrer
som kjem fram
med ord og bilde
som eg skriv
og teiknar
 
seier ingen ting no
 
eit grått teppe
inne i meg stengjer
i dag malte eg eit
stormpiska hav og
ei tremasta seglskute
eg trur eg prøvde å få
det inste  i meg til å
vakna opp og sei noko
 
håvard 5 år spurde
besten er du ferdig
med bildet
ja har du lyst på bildet
ja takk eg vil ha det
på rommet mitt
 
haustdagen går mot
kveld no
sei noko til meg
før dagen er omme
og det kalde mørket
legg seg
langs strendene.
 
(ABM 07.10.2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar