Sider

onsdag 18. oktober 2017

Ville menn leikar med atombombene sine, tenkte eg


 
På forrige side på GalleriABM la eg inn eit dikt i samband med at folk som arbeider med å nei til atomvåpen fekk fredsprisen. Bildet eg malte til det diktetser du her. Så fann eg fram eit dikt eg laga i 1983 som eg kalla: "Ville menn leikar med atombombene sine, tenkte eg." Det forunderlege og nifse er at det framleis er ville menn som leikar med atombombene sine. Arme menneske. 
 

 

I går gjekk eg i motatomvåpentog.
Fremst var parolen:
USA-SOVJET STOPP ATOMOPPRUSTNINGA. 

Gjennom heile marsjen gjekk ei
lita jente og heldt i eine parolestonga.
Jenta hette Anneli og var snart fire år. 

Ho hadde blå regnjakke
og hue med Kandahar på.

Og så hadde ho tindrande auge
og ho fortalde heile tida om
viktige ting i livet sitt.
 
Ho fortalde og fortalde,
om dokkene sine, om bilar og om å fiska
med pappa, og om i morgon når ho
skulle leika i sandkassen. 

Og så var det ein som heitte Vesle-Øystein
og ein som heitte Store-Øystein. 

Ho hadde blå gummistøvlar og små fingrar.
 
Eg gjekk rett bakom henne.

(ABM 1983)

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar