Sider

fredag 30. desember 2016

Tilgjev dei ikkje, for dei veit kva dei gjer





 


 


 

Historia går sin gang,
og me lærer ingen ting.
 
Homo sapiens
Det noverande mennesket. 
 
To eigenskapar er
det øvste av alt.
For dei.
 
Stammen dei høyrer til.
Flokken sin.
 
Stammen vert styrt
av ein figur
og av ord.
Imaginær orden.
 
Dei som ikkje høyrer
til stammen
og ikkje trur på
figuren og orda
høyrer til ein
annan stamme.
 
Dei kan drepast.
Dei trur på ein
annan figur og
på andre ord.
 
Slik har det vore
til alle tider
og slik er det
i dag.
 
Kjære deg, lat att
grinda.
Eg frys.
                                                                  (ABM 23.12.2016)

torsdag 15. desember 2016

Julehelsing 2016




 
No stundar det til jul igjen.
Desember kald og grå.
Eg sender deg min kjære ven
ei helsing du kan tenkja på.
 
Eg ynskjer deg ei god og signa jul.
Med gåver, kaker og litt ekstra til dei små.
Med høge stjerner, månen ny og gul.
Og så det signa nye året då.
 
Då kan me starta om og tenkja litt på ny.
Eit skifte til det betre får me tru.
For deg og meg
og alle dei som ikkje finn seg ly.
I dette nye året
kan me dela litt av redsla deira
eg og du.
 
Atle Bjørn Mæhle

 

onsdag 7. desember 2016

før og etterpå




 
det hender noko
heile tida
alle stader
 
men det er alltid
noko før det hende
og det er noko etterpå
 
før sat eg
utanfor huset mitt
i solskin
god dag god dag
sa vennene mine
har du det bra
sa dei
 
så kom krigen
 
etterpå var eg dø
eller flyktning
i eit framandt land
 
før sat eg i kinosalen
i mørkret
og såg på film
fantasi og draum
 
så kom lyset på
du snudde deg
og såg meg inn
i auga ei lang stund
 
etterpå venta du utanfor
du tok handa mi
og smilte til meg
 
ingen veit kvifor
noko hender
og kva som var før
og kva som kom etterpå
 
før var det is og støv og grus
 
så var det jorda ei lita stund
 
etterpå var det is og støv og grus
 
(ABM 06.12.2016)

mandag 5. desember 2016

Eg prøver å halda motet oppe


 
                                     


Påskeaftan Kvamskogen
2016.
Skiene mine skrir
framover.
Eg sparkar frå
og stakar.
Løypemannen har
vore her.
Eg har klister
under skiene.
Skiene glir og glir.
Uovervinneleg.
 
Eg fer framom
skiløparar med
skifeller.
Skiene mine glir
og glir.
Uovervinneleg.
 
Så kjem ei jente
skridande forbi meg
i sugande skeisetak
Eg ser etter ho.
Heilt til ho blir borte
i ein sving
langt der framme.
(ABM 27.03.16)

 

Robåten og verkstaden



 
                                    


Lyset
ramma
barndomsstranda
inn.
 

Sjå robåten
til onkelen min
ligg der til venstre. 

Og bakom bildet
ligg verkstaden
til Alberten.
 

Der laga eg og
kameraten min
mange ting.
 

Lenger borte ligg
verkstaden til onklane
mine.
 

Med farlege maskiner
og god lukt. 

(ABM 2001)

God jakt, eller diktet om livet i livet



 


                          


Det er lys
som eg
kanskje
ikkje såg
 
Endåtil
midt i bildet,
eller bitte litt
ein eller
annan stad.
Leit etter det
før du går. 
(ABM 1999)

torsdag 1. desember 2016

Flyktningane







Eg sit i
stolen min
og ser dei
på TV.
 
Ryggane.
 
Gråe og utan
andlet.
 
Dei går forbi.
Som alltid.
I alle tider.
Gråe og utan
andlet.
Ryggane luter.
 
Eg sit og ser
på dei.
 
Så er eg
inne i rekkja.
 
Uverkeleg.
Draumen og
den lange
historia. 
(ABM 08.02.2016

Når våren kjem, er båten klar






 
Eg malar eit bilde
frå hausten
eit bilde i brunt og
skumrande blått.
 
Men finn ikkje orda
som handlar
om hausten
-ikkje eit einaste eitt.
 
Eg diktar eit bilde
om hausten.
eit bilde i brunt og
skumrande blått.
 
Men orda som handlar
om hausten
er borte i
skodde og mørke
 
-for inne i meg
ser eg våren.
 
Det brune og
blåe og svarte
i bildet
 
blir irande grønt og
umåteleg gult.
 
Eg strålar mot
regnet og sola
der ute i
båten på sjøen
ein stad.
 
(ABM 26.10.2016)


søndag 30. oktober 2016

Det skal så lite til



 
Kvelden kjem til
deg og meg
når natta
stundar til.
 
Og dagen er forbi.
 
Ein augneblink
eg fekk eit smil
og hjartans takk.
 
Då ser eg lyset
over himmelen
i denne kvelden
kald og grå.
 
Og natta blir
litt mindre natt.
Det tenkjer eg
i hjarta då.
 
(ABM 18.01.2016)

det er ikkje meir som skal til


 
eg ser fargane
kvite og svarte
vinteren stundar til
 
eg ser det på
det kalde ljoset
den skinande fjorden
dei mørke berga
og dei kalde grå
skyene
 
eg ser det langt
inne i det
inste i meg sjølv
mørket stengjer
og grinda er stengt
 
likevel
 
eg leitar etter
det ljose glimtet
som gjev von
om at våren
kjem ein gong
 
førebels
ventar eg
og ventar
på betre dagar
utan krig og gru
 
då skal eg teikna
ei skinande sol
og ljoset som
hopar seg opp
 
(ABM 23.02.2016)

søndag 18. september 2016

16.september 2016



21.6 grader celsius kl 22
den varme lufta
vaker rundt meg
omsluttar meg
blomane og alt
som er i hagen vår
 
tenk om me kunne
sitja i det varme
mørket
og snakka om
alvorlege ting
 
du og eg og alle
 
sitja der og sei
at no er det slutt
på alt vondt
 
hjelpe meg
21.6 grader celsius kl 22
i hagen vår
 
(ABM 16.09.2016)

Folket ved fjorden


Når politikarane no vil slå saman tre fylke på Vestlandet, må dei spørja kystfolket kva dei meiner. Eg skreiv eit dikt om dei i 2005. 

Eg tenkjer på det.
Husa var småe
og berga var bratte
og det var langt ut.
 
Men det er sjøen
og fjorden og havgapet
eg hugsar.
 
Og så alle folka.
 
Dei var der.
Alltid.
 
(ABM 22.11.05)

fredag 16. september 2016

synd at det gjekk slik



det var ein god dag
eg spelar piano
 
dei henta meg
og eg spelar piano
 
i den fullsette salen
sette eg meg ned
fingrane flaug over
dei svarte og kvite
tangentane
 
lydlaust
i lause lufta
 
(ABM 14.09.2016)

tirsdag 13. september 2016

Det er noko med det



         
                                                       Regnet siler jamt og trutt,
                                                       for no er hausten nær
                                                       Men brått ein dag er sola her
og ljoset glitrar over sjø og land
 
Vestlandsveret skifter snøgt
og gjer meg både tung og lett i sinn.
Slik formdest me langs kysten min
i tusenvis av dagar, månader og år.
 
Og når eg reiser langt av stad
til tørre, varme, gode land
langt borte frå mi strand.
 
Om ikkje lenge sturer eg
og lengtar heim til fjordane
der regnet siler jamt og trutt.
(ABM 05.09.2016)