No stundar det til jul igjen.
Desember kald og grå.
Eg sender deg min kjære ven
ei helsing du kan tenkja på.
Eg ynskjer deg ei god og signa jul.
Med gåver, kaker og litt ekstra til
dei små.
Med høge stjerner, månen ny og gul.
Og så det signa nye året då.
Då kan me starta om og tenkja litt på
ny.
Eit skifte til det betre får me tru.
For deg og meg
og alle dei som ikkje finn seg ly.
I dette nye året
kan me dela litt av redsla deira
eg og du.
Atle
Bjørn Mæhle

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar