Sider

søndag 7. september 2014

Symbol


Symbolet på det gode liv.
Ja, sei det.
Kvar av oss
har vel vårt
eige symbol.

Å vera frisk
ha mat og hus
klede og varme
tenkja fritt
og lesa bok
skriva og teikna
springa 10 km
og gå på ski.
Å seia kjære deg
til nokon

Tenk deg om
eit halvt minutt.
Kva er symbolet
på ditt gode liv.

Skriv det ned
og teikn det
og lev det. 
(ABM 07.09.2014)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar