Sider

fredag 5. september 2014

Åra går


No har eg blitt 70 år. Eg sat nett og skreiv takkebrev til dei som var med på 70 årsfeiringa mi. Då tenkte eg på den lange historia som me alle er ein del av.
I 1965 fann ein gammal mann på Mæle, der eg har namnet mitt frå, eit lite stykke papir der dei hadde teikna opp korleis husa på Mæle stod før utskiftinga i 1890 åra.
Eg teikna det av så nøyaktig som råd var, og malte eit bilde av det gamle klyngetunet Mæle.
Bestefar min voks opp i huset som du ser så vidt i høgre kanten.Huset hadde jordgolv.

Klyngetunet stod oppe på ei gammal bygdeborg frå om lag 400 talet. Tidene må ha vore urolege, truleg i over tusen år,  sidan folket bygde husa sine inne i bygdeborga, eller nærast råd.



Stå no opp
til ein ny dag.
Sommarljos
over fjella.
Tåkedisen
løyser seg.
Det hastar med
slåttonna.
Skunda – Skunda

Stå no opp
til ein ny dag.
Jakta på bjørnen
som slo sauen.
Skunda – Skunda

Stå no opp
til ein ny dag.
Høyrer
våpengny
i Hestagåtå.
Finn fram
sverdet og øksa
til me veit
kven dei er.
Skunda – Skunda 

(ABM 1965)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar