Sider

mandag 1. september 2014

Alt var enklare før kanskje


Den første frostnatta
fraus rosene.
I den kalde frostrøyken
drog du frå meg.

Den andre frostnatta
kjem du kanskje att.
Du tek rosene
med inn
og varmar dei ved omnen.

Den tredje frostnatta
tok eg mot til meg
og spurde deg om noko. 

(ABM 1984)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar