Sider

lørdag 6. september 2014

Skinndaud


Han var berre skinndaud,
sa dei.
Han banka i kista,
og me sleppte han ut.

Ofte kjenner eg meg
Skinndaud,
men eg vaknar til att.

Det er ein tilstand
å vera skinndaud.
eller
kan me også seia at
tida er skinndaud
eller at
 livet sjølv er
skinndaudt.

Eller kan me like
godt seia det om
alle skinndaude ord
som flyt ut og inn
øyre og auge.

Dei er ikkje berre
skinndaude.
Men totalt
skinndaude
heilt ekstremt.

Og så er det nokre ord
som me ynskjer
er meir enn
skinndaude
men heilt daude
og at dauden
vil vara så
uendeleg lenge.
 (ABM 06.09.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar