Sider

tirsdag 30. september 2014

Heile året



No har eg leika meg
i tre hundre og seksti
dagar så.
Skrive eit dikt kvar dag.
Eg har brukt orda lag på lag.
Og skildra alt det eg
tenkte på nå.
Om dagar og livet
i lette og tunge drag.
 
Utanfor vindauga
blømer rosene i dag.
Den vesle spurven
smiler til meg
og svalene flyg imot
varmare land.
 
(ABM 30.09.2014)
 

mandag 29. september 2014

Ver med meg i kveld


Skuggane strekkjer seg mot oktober nå.
Timane går sakte fram.
Skya over himlen mørk og grå.
Finn meg eit ljos å tenna på
i haustmørke natta då.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.


(ABM 29.09.2014)



søndag 28. september 2014

Tenk om



Eg siktar meg inn på
den gode dagen.

Eg møter fram med
eit venleg smil.

Eg kysser deg på
begge kinna
og ynskjer at
 du gler deg til
den gode dagen med
smil og glede.

Tenk om,
tenkjer eg.


(ABM 28.09. 2014)

lørdag 27. september 2014

friminuttet


den varme vinden
tåke og regnet
det er noko trygt
og godt der inne.

regnet mot andletet
det grå ljoset
du og eg
åleine
i heile den
vide verda

slik kjennest det
friminuttet
me lengtar etter


(ABM 27.09.2014)

fredag 26. september 2014

Til dømes Havråtunet




Tidleg vårmorgon
i det gamle tunet.
Stilt og stussleg.
 
Når me såg
det gyldne ljoset
bakom fjella,
fyrte me i omnen
og laga oss mat.
 
Og så starta
den lange arbeidsdagen.
 
Er dette historia
om deg og meg
og alle dei andre
i dette landet.
 
Eller
gløymde eg noko no?
 
(ABM 15.01.07)

torsdag 25. september 2014

Den første frostnatta


Lån meg ei seng til å sova i
for no stundar vinteren til.
Lån meg ein pute å halda i
når frostnatta blir for vill.
Lån meg litt glede i kveld.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.
 (ABM 25.09.2014)


onsdag 24. september 2014

Etterord


Det Orwelske 1984 var her.
Det gjekk forbi.
Mens det gjekk forbi,
gjorde me vår arbeids dont
med lukka andlet.
 
Kanskje var det her trass alt.
Det vil me oppdaga i 1994
i 2004
eller i 2014.
 
Stivna andlet går forbi kvarandre
og snakkar og snakkar.
Og ingen møter deg nokon gong
med åpent andlet og auge med botn i,
og med mysteriet der inne.
 
(ABM 1985)



tirsdag 23. september 2014

Historia er her



Signalelden brenn
på Tyfjellet.
 
elle – melle –
 
Ta med det du skal
Og spring
 
deg – fortelle –
 
Mat og våpen
Pilar og spjut
 
skipet – går –
 
Skjold og hjelm
Øks i handa.
 
ut – i – år –
 
Alle står med naustet
Ut med båten
 
rygg – i – rann
 
Last om bord
 
to – i – spann
 
Still opp her
 
snipp – snapp – snute –
du – er – ute –
 
Ute gå no heim-
Du spring opp i båten.
Fienden kjem snart.
 
(ABM 23.09.2014)
 

mandag 22. september 2014

God jakt eller diktet om livet i livet



                   

                   Det er lys                                                                   Endåtil
                   som eg                                                                        midt i
                   kanskje ikkje såg                                                      eller bitte litt
                                                                                                       ein eller
                                                                                                       annan stad.
                                                                                                       Leit etter det

                  (ABM)                                                                         før du går. 



lørdag 20. september 2014

konserten



 

eg høyrde konserten
med Leonard Cohen
i går
 
han snakkar til meg
til meg åleine
om uroa
livet
den attlatne boka
om ein ofra generasjon
mordarane går
frie omkring
 
det fælslege
og det gode
 
og Leonard Cohen
syng for meg
min kjære
syng om livet
og om oss.
 
(ABM 21.09.2014)

Den gode dagen





Eg er ni år.
På kaien søndag
føremiddag.
Fjordabåten
fer framom.
 
Eg har den lange
dagen framfor  meg.
Mange ting
som berre eg
veit om.
 
Kameratane mine
ropar på meg.
Eg teier heilt still.
Denne freda dagen
vil eg ha heilt
for meg sjølv.
 
(ABM 20.09.2014)

fredag 19. september 2014

Det er berre slik, sa me




Dei grå dagane
og dei lyse dagane
skifter.
 
Endåtil
når fjella og skogane
er mørke.
 
Kan himmelen skina
i dei klaraste fargane.
 
(ABM 1999)
 

 

 

torsdag 18. september 2014



Likevel 
Kanskje var det
kuldegrader i natt.
Lauvet på trea
er blitt gult og gammalt.
Ein fugl flyg forbi
hyttevindauga. 
Travelt. Travelt 
Samlar han seg
til vinteren
eller dreg han til
varmare land. 
Årstidene kjem og går 
Likevel 
Det er godt å tenkja
på det
mens eg står her
og lagar frukost.
(ABM 18.09.2014)

onsdag 17. september 2014

kandelabre


kandelabre
sa dei
og såg alvorleg
på meg
eg var åtte år

kandelabre
sa eg
kandelabre
sa eg

dei smilte til meg
du er ein flink gut

likevel

eg visste ikkje
kva kandelabre
var før eg var
tjueein år 

(ABM 17.09.2014)

tirsdag 16. september 2014

Lukkehjulet snurrar rundt


I dag snurrar
lukkehjulet
til ein ny dag.
Underleg.

Eg sit
i gamle
Moster kyrkje
dei tjukke veggane
den gamle soga
og eg var der.

Eg trur eg vil
kjøpa meg ein benk
Moster kyrkje.

Så vil eg sitja der
og tenkja på
 ingen ting.

Heile historia
kjem fram i det inste
skulder ved skulder.

Den vonde
og den gode.

Eg er ikkje redd
når eg sit heilt i ro
benken min
i den gamle 
Moster kyrkje.


(ABM 16.09.2014) 

mandag 15. september 2014

Det nye lyset og forventningane


Den første aninga av lys
over himmelen.
Lyset speglar
sjøen og 
dei høgaste punkta
i landskapet.

Slik er det alltid.
Lyset og den nye dagen
finn du i speglingane
over himmelen.

Slik er det også med
meg og deg
og alle dei andre.
Det nye lyset, livet
og forventningane
finn fram til oss. 

(ABM   25.09.06)


søndag 14. september 2014

Verda vert mindre, men mennesket er seg sjølv lik


I dag lurer eg på
kvar mennesket er
det humane
det gode
det mennesket som
viser glede og respekt
for andre.

Kvar har dei det frå
dei som drep og
øydelegg folk
kva gudar ropar dei på
ingen eg har høyrt om
i alle fall.

Eg trur guden deira er
maktbegjær
og pengar. 

(ABM 14.09.2014) 

lørdag 13. september 2014

Ei lita oppmuntring til deg og meg


Rosene blømer
i hagen i kveld.
Ei rosa, ei kvit
og ei raud.

Dei strekkjer seg
opp i lufta på ny
endå hausten
er langt på veg.

Dei vert nok skuffa
 og lei seg
når kulden kjem.
Dei sovnar
for vinteren
utan å kny.

Men det veit eg
langt
i det inste i meg.
Til våren reiser
dei seg på ny. 

(ABM 13.09.2014)

fredag 12. september 2014

Livet ruslar og går


Litt hjartebank
er god å ha
når hjorten
stig på myra
når fisken bit
på snøret
når skuggane
vert lengre og
natta stundar til
når tankane
er mange og
virrar rundt
om kring
når du og eg
er saman du kjære
venen min. 

(ABM 12.09.2014)

torsdag 11. september 2014

Eg kjem om kvelden


Til slutt reiste
eg heim att.
Det vide
havet.
Dei skummande
bølgjene.
Dei mørke bratte
liene.

Likevel.

For bortanfor
havet
skimta eg
lyset
om noko
anna.
Forventning.
Kanskje var det
Dette eg sakna ute
i den store verda 

(ABM 08.02.11)