Sider

fredag 1. august 2014

Tenk deg om ein gong til


No vil eg byggja eit slott til meg.
Eg vil lagra det beste eg eig.
Då må eg tenkja kvar ting for seg.
Og resten det gjev eg til deg.
Eg vil lagra det beste eg eig.

Eg tenkte og grunna i lang lang tid.
Kva er det største og høgste.
Ting etter ting dei la eg i kista di.
Til sist sit eg her med den største verdi.
Tankane mine om gode ting og idear.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 
(ABM 01.08.2014)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar