Nicaragua
1984. Sandinistane har vanskar.
-Doria
Maria Tellez. Folket og fridomen 1979.
I
grunnen var eg oppteken med andre ting
og
høyrde med eit halvt øyra.
-Men
nå har Contras framgong att, seier dei.
Dei
leiger soldatar og skal knusa sandinistane,
fridomen
og folket.
Og
så bildet: Leigesoldatane
eller
dei som trur på guden sin eller liknande
drep
for fote.
Dei
tener pengar
dei
smiler og snakkar mens dei døde ligg der.
Og
hytta brenn.
Leigesoldatane
tener pengar.
Dei som leiger leigesoldatar må jo
tena
pengar når dei kan leiga så dyre ting.
Dei
som støttar og hjelper dei som leiger
leigesoldatane
tener heilt sikkert pengar.
Og
me som sit i den gode stolen vår
og får forklart dette,
vert
irritert mellom kaffikoppen og sportssidene.
-Lea Guido, Gloria Carion, Nora Astoria Jenkins
og
alle andre fattige og undertrykte i Nicaragua
og
alle stader
veit
at fridom må me fanga kvar dag
Doria
Maria Tellez og alle andre som veit det
gje
oss den rette opplæringa før det er for seint.
(ABM 1984)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar