Sider

lørdag 9. august 2014

Fuglane syng ikkje meir


Korleis kan eg syngja
når fuglen min er stum
Han song for meg kvar morgon,
kvar vår og sommarstund.
Han var min barn- og ungdom
og alltid var han her.
Han song for meg frå livet,
og livet det var her.

No syng du ikkje meir,
kjær vene fuglen min.
Du song i morgongryet
mens bombene flaug inn.
Du song for meg den våren,
den siste som var gitt,
til bomba stogga songen din
i epletreet ditt.

No syng eg ikkje meire,
for fuglen min er stum.
(ABM 1979)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar