Sider

søndag 31. august 2014

Draumen og dei framande landa


Dette er historia
om Karl Martin og eg.
Me dikta og malte om
dei framande landa.

Bakom der ein stad
er dei.
Det veit me.
Karl Martin er 8 år,
og eg er 64.


(Mars 2008  KM/ABM)


lørdag 30. august 2014

Det gamle klyngetunet



Det gamle klyngetunet var bygd inni  ei bygdeborg frå 400-talet. Klyngetunet vart avvikla på 1890-talet i samband med utskifting av fellesgarden til eigne gardar.

Åra går

Stå no opp
til ein ny dag.
Sommarljos
over fjella.
Tåkedisen
løyser seg.
Det hastar med
slåttonna.
Skunda – Skunda

Stå no opp
til ein ny dag.
Jakta på bjørnen
som slo sauen.
Skunda – Skunda

Stå no opp
til ein ny dag.
Høyrer
våpengny
i Hestagåtå.
Finn fram
sverdet og øksa
til me veit
kven dei er.
Skunda – Skunda 

(ABM 1965)


fredag 29. august 2014

No lurte eg deg.


 Eg smiler til deg
du inste i meg sjølv
I morgon stiller eg ut
bilde og dikt
som du har sendt meg.

Det rekna du ikkje med.
No kan du ha det
så godt.
Eg deler nokre bilde
og dikt
med ein del andre folk.
Og så fortel eg dei
om deg.
At du så lenge eg hugsar
var der inne i meg.
La fram bilde med ord på.
Så lenge eg hugsar.
Gjev du deg no
når eg har avslørt deg.

Kanskje får eg fred og ro
frå deg som utan
varsel har sendt
bilde og dikt -
står heilt klart
 inne i meg.
Eg må skriva dei ned
og mala i full fart.
Elles blir dei borte. 

(ABM 29.08.14)

torsdag 28. august 2014

Guten og det raude naustet


Det er eit naust
ein stad
langs strendene.

Om vinteren
er det kaldt og
 audsleg.
Kanskje måsane
varmar seg i
fjørene
til kvarandre.

Om våren
er det yrande
liv.
Kanskje ein
fugl
på nausttaket.

Om sommaren
er det varmt
og nært.
Kanskje blir
badegjestane
verande
heile natta.


Om hausten
er det fargar
og hustrig.
Kanskje ligg
guten
og ser på fisken
som vaker
før han sym
 mot
djupet og
 vinteren.

Kanskje må me
alle vaka
og trekkja litt
luft
før me sym
ned til
dei store
djupnene. 

(ABM okt. 2012)

onsdag 27. august 2014

Det er morgon etter den første frostnatta


Dei første
frostnettene
med snø i fjella.

Vinteren vert nok
mørk og lang.

Heldigvis ser eg
den lyse stripa
over himmelen
som teiknar den
nye våren. 

(ABM   03.03.07) 

mandag 25. august 2014

Skuldrane senkar seg


Han kom springande
og fortalde at
dei hadde vunne
slaget ved Maraton.
Skuldrane senkar seg.

Ho fortalde at
operasjonen var
vellukka.
Skuldrane senkar seg.

Dei fortlade at
folk tek til vitet no.
Skuldrane senkar seg.

Dei fortalde at ingen
ville gjera nokon
vondt lenger.
Skuldrane senkar seg.


(ABM 25.08.2014)

søndag 24. august 2014

Ei enkel bøn i kvardagen


I går ringde
Karl Martin til meg.
Han er snart 14 år.

-Besten. Eg er sjuk.
Kan du kjøpa eit
pizzastykke, ei
pakke med chips og ei
colaflaske til meg.

Eg handla inn og
kjørte bort til han
med det.
Han hadde feber.
-Tusen takk Besten,
sa han.

Må alle gudane
halda handa si
over alle dei som
ikkje har ein besten
som kan hjelpa dei
når dei har det ille og
har vonde dagar. 

(ABM 31.08.2013)

lørdag 23. august 2014

Frå hesten og plogen til internett


Eg hugsar bildet
som mor mi tok då eg var 10 år.
Bror min heldt hesten.
Far min styrte plogen,
og eg heldt taumane.

Det var om hausten 1954
og potetene skulle opp.

Dette bildet.
Fortel om forandringane
i 40 år
til internett.

Frå eg var 10 år
til eg var 50 år.
Så lenge og
så fort.

Frå hesten og plogen
til internett og
reiser ut i
himmelrommet.

Men alltid er åkeren
skogen liene sjøen
og havet
inni meg. 

(ABM 1994)

fredag 22. august 2014

Når havet voggar båten din


Når havet voggar båten din
-brusande brenning og våg-
Og seine kvelden stundar på.
La ankeret går.
Hivhoi, hivhå.
Me finn oss ei hamn
bak brusande bølgjer blå.

Når havet voggar båten din
-gufsande austavind grå-
I ruskever og fingangsver
du putra til og frå.
Hivhoi, hivhå.
Me finn oss ei hamn
bak brusande bølgjer blå.

Når havet voggar båten din
-kviskrande solgang og bris-
Bak molo i så lun ein famn
når austavind ris.
Hivhoi, hivhå.
Me finn oss ei hamn
bak brusande bølgjer blå.

Når havet voggar båten din
-undrande vakker og god-
Og sola i havet kveldar seg
og syng oss stilt til ro.
Hivhoi, hivhå.
Me finn oss ei hamn
bak brusande bølgjer blå. 

(ABM 16.01.85)

torsdag 21. august 2014

Det er alltid noko med lyset og det mørke havet


Sjølv i dei solfylte
dagane og
Oster gjekk forbi
på fjorden,
og alle var snille
med kvarandre,

var det likevel
bilde bak bilde
som skremde meg
om dagane
og i dei lange nettene. 

(ABM 01.01.06)

onsdag 20. august 2014

Den nye hausten


Det er haust og kalde ljoset no
sildrar på Hardangerfjord.
Gje meg ei strand so varm og god.
Der vil eg sitja stille i ro
og tenkja på denne urolege jord.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 20.08.2014)

tirsdag 19. august 2014

Augo dine og dei lyse sommarnettene


Augo dine
blei fjerne
og eg såg på noko
langt inne i meg sjølv.

Var det dei lyse
sommarnettene
eller var det viktige ting.

Våre tilmålte sekund
var snart omme.

Tell me something,
you said.

Og eg sat der heilt stum. 

(ABM 1990)

mandag 18. august 2014

Robåten og verkstaden


Lyset
ramma
barndomsstranda
inn.

Sjå robåten
til onkelen min
ligg der til venstre.

Og bakom bildet
ligg verkstaden
til Alberten.

Der laga eg og
kameraten min
mange ting.

Lenger borte ligg
verkstaden til onklane
mine.

Med farlege maskiner
og god lukt. 
                                                                         (ABM 2001)

søndag 17. august 2014

Vegen ut og vegen heim att


Alt har sin ende.
Den vide verda t.d.
tok slutt.

Og eg reiste heim att.

Fjordane var
grunnare
og trongare
enn eg trudde.

Fjella var lågare
og øyane var ikkje
så langt ute.

Liene var ikkje
så grøne heller.

Og båtane var ikkje
dei same.

Men folket var
seg sjølv lik.

Dei såg på meg
og sa ingenting. 

(ABM 2000)

lørdag 16. august 2014

Livet går sin gang


1984 – 2009     
Tida kjem og går
når du minst ventar det

Graset gror denne våren også.
Eg ser det nok.
Men høyrer det ikkje lenger.
Eg er 25 år eldre
enn i 1984.

Då fortalde eg om
barna mine
og livet deira.

I 2004 fortel eg om
barnebarna mine.
Og om livet deira.

Graset gror enno
ein gong.

Inni der finn du alt.
Frå den fargeskimrande
fivrelda
til det fælslege

Alt høyrer med når
me stemmer i.
Stemmer kabareten i. 

(ABM 01.07.09)

fredag 15. august 2014

Som alle stader


What do you mean with
Folks at the oakes?
spurde eg i den skotske baren

Dei fortalde og
fortalde.

Eg skjøna at
det var
noko om
The Highlands,
den lange historia
og dei ville liene.

Eg tenkte med meg sjølv
at det er
vel det då.
I Skotland også. 

(ABM 1995)

torsdag 14. august 2014

Åra går


Stå no opp
til ein ny dag.
Sommarljos
over fjella.
Tåkedisen
løyser seg.
Det hastar med
slåttonna.
Skunda – Skunda

Stå no opp
til ein ny dag.
Jakta på bjørnen
som slo sauen.
Skunda – Skunda

Stå no opp
til ein ny dag.
Høyrer
våpengny
i Hestagåtå.
Finn fram
sverdet og øksa
til me veit
kven dei er.
Skunda – Skunda
 (ABM 1965)



onsdag 13. august 2014

Å vera liten og reisa med ferjer


Store spennande båtar
med tusen millionar ting
å sjå og ta på.

Du vår grind til verda.
Vårt barndoms grenseland
me var prisgitt på veg
til bestemmelsane.

Du og eg og alle dei
 andre
som me kjende.

(ABM 1983)

tirsdag 12. august 2014

Hinsides alt tenkeleg


I fleire dagar har
den inste i meg
starta opp med:

Historia fortel
at menneske
som trur dei trur
på noko kan gjera
ting hinsides
alt tenkeleg.
Som døme
kan eg nemna,
seier den inste.

Kan eg ikkje få
sleppa no,
seier eg.
Eg orkar ikkje
alt det grufulle,
seier eg
og skuvar
den inste unna.

Eg gjev meg ikkje,
seier den inste.

Og til slutt
høyrer eg på
for å få fred.
Det grufulle
og det heroiske.
Kva som er kva
veit ikkje eg.
 (ABM 12.08.2014)

mandag 11. august 2014

Til dømes Havråtunet


Tidleg vårmorgon
i det gamle tunet.
Stilt og stussleg.

Når me såg
det gyldne ljoset
bakom fjella,
fyrte me i omnen
og laga oss mat.

Og så starta
den lange arbeidsdagen.

Er dette historia
om deg og meg
og alle dei andre
i dette landet.

Eller
gløymde eg noko no? 

(ABM 15.01.07)