Historia
går sin gang,
og
me lærer ingen ting.
Homo
sapiens
Det
noverande mennesket.
To
eigenskapar er
det
øvste av alt.
For
dei.
Stammen
dei høyrer til.
Flokken
sin.
Stammen
vert styrt
av
ein figur
og
av ord.
Imaginær
orden.
Dei
som ikkje høyrer
til
stammen
og
ikkje trur på
figuren
og orda
høyrer
til ein
annan
stamme.
Dei
kan drepast.
Dei
trur på ein
annan
figur og
på
andre ord.
Slik
har det vore
til
alle tider
og
slik er det
i
dag.
Kjære
deg, lat att
grinda.
Eg
frys.
(ABM
23.12.2016)







