finn meg eit punkt i historia mi
som eg stundom kan leita litt i
til dømes ei nausttuft på
Rommetveit strand
for tusen år sidan stod dei der
min ven som eg hadde så kjær
ved naustet og skulle ha krigsbåten
ut
frå Fjellgardane, Grov og
Rommetveit
og alle folka som eg kjenner til og
veit
ved båten nedi stranda der
for bålet brenn på Tysnes nut
og alle menneske må ut
ta med deg alle tinga som du skal
ned til leidangsbåten vår
når krigstilstanden rår
og fargar havet raudt i morgonsol
så står me der rundt hovding stor
barn og sysken far og mor
han ellar kven som skal om bord
krigaren får med seg mat og kle
det han treng å leva med
ti pilar får han ut og attpå fire
spjut
slip nå øksa kvass og fin
ver du lett på foten din
når du skal ut mot fiend mann
eg står her bak og undrar meg
og finn eit ord til deg
at du må leita om dei til du finn
kva trur du at dei tenkte på
han guten der på femten år
eller mor hans som går einsam heim
er stova kald og gufsen nå
når vind og regn står på
og faren vår er rorskar nummer ni
slik står me her ved tufta du og eg
eg undrar meg i lag med deg
historia vår er lang og så
uendeleg kort og brå
så liknar me saman før og nå
saman kan me betre sjå
på livet vårt og den lange historia
då
gje
meg ein tone frå fjorden blå
lia
og fjorden er meg så nær.
gje
meg ein tone, la bølgjene slå.
djupt
inni skuggen av strendene då.
gje
meg ein tone frå fjorden i kveld.
(ABM 03.10.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar