Sider

onsdag 22. oktober 2014

Om Afghanistan. Kva tenkjer du når du les dette?



I går var eg på avslutning
for tiendeklassingane.
Dei gledde oss alle med
spel, song og dans.
Så fekk dei vitnemåla sine.
 
Mens eg sat der,
kom eg til å tenkja på
granatepla i Afghanistan
dei beste granatepla i heile verda
i skråningane rundt Kandahar
strålande blomeprakt
om våren
og glade menneske
som plukka epla om hausten
så kom krigane
og no er granateplehagane fulle av
bomber og granatar.
 
Tenk om, tenkte eg.
 
(ABM  19.06.09)

tirsdag 21. oktober 2014

Biblioteket mitt



Biblioteket mitt har
mange rom.
 
Bøker for det eine
og bøker for det andre.
 
Opphavet mitt
og den lange historia.
 
Kunnskapar om
mange ting
uroa i meg når eg
ikkje veit kven eg er.
 
Gleda over når eg
finn svara eller berre
anar dei
langt der bak for
generasjonar sidan.
kjenslene mine og
gleda over ein
ørliten gul løvetann
tidleg om våren.
 
Ein klok mann skreiv
når eit menneske døyr
går eit heilt bibliotek
opp i flammar.
 
(ABM 21.10.2014)

mandag 20. oktober 2014

Skagastølstindane



Eg var liten gut
i fjerde klasse.
Stort kart på veggen.
Noregskart.
Og læraren sa
her er Skagastølstindane.
 
Med ein gong
det vakraste ordet
eg hadde høyrt.
 
Tenk om eg ein gong
kan gå opp på
Skagastølstindane.
 
Det vakraste ordet
og draumen min.
 
(ABM 20.10.2014)

fredag 17. oktober 2014

Ut i lyset

 
Gje meg dei mørkaste
skuggane i kveld.
Lat meg få gøyma
meg der.
 
Alt som er vondt
og alt som er vanskeleg
er ikkje her.
 
Du lurer deg sjølv
min gode venn.
Gå ut i lyset med meg.
Sjå angsten i augene
litt om senn.
 
Kanskje vert lyset
litt lysare då
og sjøen skimrar
så blå.
 
(ABM 17.10.2014)

onsdag 15. oktober 2014

å forstå seg sjøl


eg er overmodig

i dag

eg forstår meg sjøl

seier eg

                       

men så er det

noko som gneg

uroar meg

legg inn ein

ørliten tvil

kallar du det

å sjå deg omkring

og blinka med

augene

 

kallar du det

å forstå seg sjøl

spør du meg

 

då tenkjer eg meg om

den inste i meg sjøl

peikar etter meg

og seier at eg er

einfoldig og enkel

det er nok litt meir

komplisert

seier den inste

 

det er det store

puslespelet

å forstå seg sjøl

(ABM 15.10.2014)

tirsdag 14. oktober 2014

den siste sida



eg trudde svaret stod
på den siste sida
så eg las side etter side
 
hjelpe meg
tenkte eg
 
eg forstod i grunnen
ingen ting
av det som stod
i boka.
 
endeleg kom eg
til den siste sida
 
abra kadabra
stod det der
 
(ABM 14.10.2014)

mandag 13. oktober 2014

Me gjekk før dansen var slutt



Når bandet spelar
when the saints go marching in
og livet er midt mellom
hendene våre.
Då går me.
 
For di me er redde for
dagen i morgon.
Difor går me nå
med rytme i blues og
kroppane våre.
 
Trompetsoloen skingrar.
 
(ABM 1986)

søndag 12. oktober 2014

Mørke kan vera ein god ting



Den eine kvelden i året -
eller kanskje kvart femte –
når fløyelsvarmt haustmørke
og du ligg innmed berga i båten din
alt det stille og mjuke
tislar og taslar
legg seg til ro rundt deg
lever i deg
gjer deg innovervend og egoistisk
som når du elskar med den
du kan elska
deg sjølv saman med.
 
Likevel lengtar eg etter denne stunda
desse totale sekund.
 
Etterpå kan du leva
med alle dei andre. 
(ABM 1983)

lørdag 11. oktober 2014

Tidleg morgon ved havet



Fiskarane kom

inn med fangsten.

I dag er dei her.

Ein annan morgon

er dei borte.

 

Då er det berre

dei varme vindane

og dei blå fargane

langs strendene ved havet.
 
(ABM 16.01.11)
 
 
 

fredag 10. oktober 2014

Også dei raude rosene venta på deg



 Til Marion 28.11.90 kl 1500.
 
I telefonen sa dei
at du var ei jente.
Mørk og liten
og likna på Anneli.
 
Eg sat etterpå
og tenkte at
rosene i hagen vår
blømer ennå.
Kanskje venta dei
på deg
 
Nå kan gjerne
 frostnettene koma.
Me skal utstå dei
denne vinteren også.
 
Så kjem våren
og sommaren,
og du skal snart
stabba omkring
og sitja på fanget mitt.
Og eg skal fortelja deg
alle eventyra
i heile verda.
 
(ABM 1990)

torsdag 9. oktober 2014

Eldreomsorg



Eg lagar eit hus med stove og kjøkenkrok
Eit rom med ei seng i og eit kontor.
Der kan eg skriva og mala
og sjå utover fjell og fjord
 
Eg tar meg fram i huset med
stav og krykkje og rullestol.
 
I nabohuset bur min gode venn.
Me hjelper kvarandre litt om senn.
 
Der kan eg bu i fred og ro
kan henda frå eg er sytti
til eg er nittito.
 
(ABM 09.10.2014)

onsdag 8. oktober 2014

Som du ropar i ørkenen får du svar



 

Krigen går vidare
den tolvte dagen,
seier dei i fjernsynet.
 
Det er visst ingen
sommarfuglar att
i ørkenen.
Larveføtene har
valsa ned blomane.
 
Alle ropar etter
sommarfuglen.
Men han må ha reist
langt bort
frå krigen
 og heile greia.
 
(ABM 1987)

tirsdag 7. oktober 2014

Tida og den kalde bjørka



Tida flyt omkring.
Bjørka luter
inn mot den
kalde vinterhimmelen.
 
Kanskje var dette
den frie stunda mi.
Du fortalde meg
mange ting
som eg ikkje
visste frå før.
 
Etterpå gjekk
eg ut
og ringde
til deg.
 
(ABM 1989)

mandag 6. oktober 2014

Gammal lærdom



Alle de som kan lesa
og skriva og høyra og sjå
må lytta til gamle Abe:
«Av og til kan
du lura alle,
og nokon menneske
kan du lura
heile tida.
Men du kan ikkje
lura alle menneske
heile tida.»
 
Etterpå kan du
grunna på dette
og tenkja deg om
ein augneblink.
 
(ABM 06.10.2014)

søndag 5. oktober 2014

me gløymer historia

 
verda er seg sjølv lik
den eine dagen og den andre
 
menneska er med på ferda
dei er seg sjølv lik
dei grusomme og dei praktfulle
 
slik var det til alle tider
menneska gløymer historia si
og gjer det same om att og om att
 
me burde alltid hugsa på at
historia er ikkje berre noko
som ligg bak oss
historia er også noko som
følgjer oss
 
(ABM 05.10.2014)

lørdag 4. oktober 2014

Når du trur du har kjøpt alt, prøver du å få det som er gratis



Eg gjekk over strendene
for å fanga dei
siste solstrålane
om hausten.
 
Eg fanga og eg fanga,
men eg greidde ikkje
halda på dei.
 
Så eg måtte gå tomhendt
heim att.
 
(ABM 1974)

fredag 3. oktober 2014

forteljinga vår



finn meg eit punkt i historia mi
som eg stundom kan leita litt i
til dømes ei nausttuft på Rommetveit strand
 
for tusen år sidan stod dei der
min ven som eg hadde så kjær
ved naustet og skulle ha krigsbåten ut
 
frå Fjellgardane, Grov og Rommetveit
og alle folka som eg kjenner til og veit
ved båten nedi stranda der
 
for bålet brenn på Tysnes nut
og alle menneske må ut
ta med deg alle tinga som du skal
 
ned til leidangsbåten vår
når krigstilstanden rår
og fargar havet raudt i morgonsol
 
så står me der rundt hovding stor
barn og sysken far og mor
han ellar kven som skal om bord
 
krigaren får med seg mat og kle
det han treng å leva med
ti pilar får han ut og attpå fire spjut
 
slip nå øksa kvass og fin
ver du lett på foten din
når du skal ut mot fiend mann
 
eg står her bak og undrar meg
og finn eit ord til deg
at du må leita om dei til du finn
 
kva trur du at dei tenkte på
han guten der på femten år
eller mor hans som går einsam heim
 
er stova kald og gufsen nå
når vind og regn står på
og faren vår er rorskar nummer ni
 
slik står me her ved tufta du og eg
eg undrar meg i lag med deg
historia vår er lang og så
uendeleg kort og brå
 
så liknar me saman før og nå
saman kan me betre sjå
på livet vårt og den lange historia då
 
gje meg ein tone frå fjorden blå
lia og fjorden er meg så nær.
gje meg ein tone, la bølgjene slå.
djupt inni skuggen av strendene då.
gje meg ein tone frå fjorden i kveld.
 
(ABM 03.10.2014)