mandag 24. desember 2012
O Småsoge
Endåtil St.Peter vart stum
Presidentane møttest framfor portane i himmelen.
-Det var du som begynte, sa den eine.
-Jammen, det var di skuld, sa den andre.
-St.Peter, blir me nødt til å stå i denne lange køen?
ropte dei to presidentane i kor.
St.Peter såg på dei, og han sa ingenting.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
O Det er i grunnen trist viss det går slik. Eller songen frå ei framtid
Under bokstaven O skriv eg om krig, ufred og masseøydeleggingsvåpen. I den tida fortalde begge partane i den kalde krigen om kor mange atombomber dei hadde, kor mange gonger dei kunne utsletta jorda osb. Mange hadde angst og var redde.
1. Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.
2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.
3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.
4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.
5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.
1. Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.
2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.
3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.
4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.
5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.
tirsdag 11. desember 2012
O Ville menn leikar med atombombene sine, tenkte eg
I går gjekk eg i motatomvåpentog.
Fremst var parolen:
USA-SOVJET STOPP ATOMOPPRUSTNINGA
Gjennom heile marsjen gjekk ei
lita jente og heldt i eine parolestonga.
Jenta heitte Anneli og var snart 4 år.
Ho hadde blå regnjakke
og hue med Kandahar på.
Og så hadde ho blå tindrande auge
og ho fotalde heile tida om
viktige ting i livet sitt.
Ho fortalde og fortalde,
om dokkene sine, om bilar og om å fiska
med pappa, og om i morgon når ho
skal leika i sandkassen.
O så var det ein som heitte Vesle-Øystein
og ein som heitte Store-Øystein.
Ho hadde blå gummistøvlar og små fingrar.
Eg gjekk rett bakom henne.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
O Er tida omme alt
1. Om vinteren er natta mørk og dagen likeså.
Det er kulde og regn og snø i vente.
Eg orkar ikkje tanken på å reisa meg og gå,
for me har så altfor lenge vore kjente.
Refr.
La natta var lenge
og la tida gå i stå
i morgon er det mørke midt på dagen
2. Sommaren er borte no med blomar i ditt hår.
Eg høyrer latter, song og gråt i minnet.
Blomane har visna vekk med tru på neste år.
Men me har ikkje noko slikt i sinnet.
Refr.
La natta vara lenge
og la tida gå i stå
i morgon er det mørke midt på dagen
3. Eg høyrer enno stemma di og smilet ditt til meg.
Det var så mange ting me ikkje gjorde.
Ein raudgul blome minner meg om alt som var med deg.
Eg hugsar alt det sommaren har vore.
Refr.
La natta vara lenge
og la tida gå i stå
i morgon er det mørke midt på dagen.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Denne songen er tonesett. Ein sørgmodig melodi.
tirsdag 4. desember 2012
O Dei to siste linene lo stjernene av
Ei mitraljøsekule er ikkje tung.
Kjærlege ord er lette.
Er det hendelege uhell
som gjer at folk så ofte
bruker mitraljøsekuler
i staden for kjærlege ord.
Alle fekk utdelt.
Og alle tok imot kulene.
Etterpå heldt dei tomme vindane
og det grå regnet pusten.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
O Småsoge
Presidenten sender troppane mot St. Peter.
Presidenten vert stoppa i porten til himmelen og må forklara seg.
-Alvorlege ting har hendt før - i lufta, på havet, på strendene og i skogane, sa presidenten.
-Men alle dei som har stått i kø her dei siste dagane skjøna ikkje kvifor, sa St. Peter.
-Det var eg som skulle forstå, sa presidenten.
-Versågod neste, sa St. Peter.
-Eg sender troppane mine mot deg, ropte presidenten då englane kom
og førde han attende til jorda.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
N Det er system i ansvaret
Det er lenge sidan eg har studert denne diktsamlinga. Eg ser at eg har skrive mykje om krig og ufred midt i "alfabetet". Men 1984 var ei tid med kald krig og mange krigar rundtomkring, så mange var opptekne av slike tema. No lever me i fred i vårt rolege hjørne, og då er lett å gløyma krigar og urettferd. Og så tilbake til bokstaven N i 1984.
La mitraljøseskyttaren
leva i fred.
Han er glad i dyr og anna.
og leikar med borna sine.
Han må få leva lykkeleg til
sine dagars ende.
La han som sa at mitralsjøseskyttaren
skulle skyta
leva i fred.
Han er endå gladare i dyr
og anna.
Og leikar endå meir med borna sine.
Han lever heilt sikkert til
sine dagars ende.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
søndag 2. desember 2012
N Analfabetane er visst fleire enn me trur
Det stod i avisa:
-Det vert fleire analfabetar i verda.
Menn, kvinner og barn som ikkje kan
lesa og skriva enkle daglegdagse setningar.
Det kostar om lag like mykje
å laga eit fullvakse gevær
som det kostar å læra nokon å lesa enkle setningar.
Sidan det no vert fleire analfabetar,
kva bruker vi pengane til.
Mange gonger lurer eg på om vi ikkje
alle er analfabetar.
Prøv sjøl om du kan lesa denne setningen:
Mitraljøsene lagar me for å skyta kvarandre.
Alle som ikkje forstår kva som står i denne
setningen, må me vel definera som analfabetar.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
N Og alle hadde eitt liv. Og alle hadde eitt liv. Og det blei kort
Auga ope mot sikteskåret
la kulene syngja.
Med fingeren fast mot avtrekkjarplata
ventar på ordre.
Til auga ope mot eit menneske.
Ordre: Rett fram. 300 meter. Fiendtlege soldatar.
Fyr.
Og så er kulene på veg.
Og så er det eit menneske
som har
venta på ordre.
Og så var ordren: Soldatar. Storm.
Og så sprang soldatane.
Og så endeleg hender det som alle har øvd på så lenge.
Lykke til.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
N Fred på jord
Ei mitraljøse skyt 22-24 skot
i sekundet.
Ei lysande fosforstripe av kuler.
Som sikkert svir når dei slår
gjennom brystet.
Godt brukande og svært treffsikker
på minst 300-400 meter.
Lett å bruka. Driftsikker.
Ei mitraljøse som skyt 22-24 kuler
i sekundet, skal brukast
til å skyta menneske med.
Det vert aldri meldt om nokon annan
bruksmåte.
Den eine får ein ærefull medlaje.
Den andre
får ein ærefull dø.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
tirsdag 27. november 2012
M Det er klart folk kunne hatt det godt
Syng songane
når dagen bryt fram.
Syng til klangen av støypeskeia
når dagen vider seg ut,
syng mot dine andlet om kvelden.
Syng songane
når hendene møter dagen.
Syng mot vinden i kornet,
syng ut jorangen i nettene.
Når dei går til arbeidet,
må konsentrasjonsleirfangane
syngja
mellom mitraljøseskyttarane.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
L Ver trygg at naturen sjøl ryddar opp etter oss
Spor etter regn
borte på nokre dagar.
Soge opp sletta over
ikkje merke ikkje trykk.
Har aldri vore er ikkje.
Vinden bles på ny over.
Spor etter menneske?
Er ikkje meir.
Frå ei anna verd,
har aldri vore.
Vinden bles.
Ingenting her.
La oss dra.
Det har aldri vore nokon på denne kloden.
Giftig. Dødt.
Vinden bles som før.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
L Småsoge
Når alle er døde, leikar me ein gong til
Eit barn av Europa og president Reagan traff kvarandre i parken.
-Kva leikar de? sa president Reagan.
-Politi og røvar, sa det vesle barnet av Europa.
-Kva er du? spurde president Reagan.
-Eg er politi, sa det vesle barnet. Men no må me gøyma oss bak treet her, for me skal sleppa ei atombombe over røvarane.
-Kvifor må me gøyma oss? sa presidenten.
-Jo, for då slepper dei ei atombombe på oss, og så vert me også dø, sa det vesle barnet.
-Kva gjer de så? spurde presidenten.
-Når alle er døde, leikar me ein gong til, sa det vesle barnet.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
L Når granatane haustar inn, nærmar vinteren seg
sommarfugl i regn
spila venger i tunge slag
farge mot farge
rødt i gult i grønt i grått
regndropar fell frå attlaten blom
syng du sommarfugl
regnet vil aldri slutta ein dag
blomen vil aldri tørka
berre syng sommarfugl
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
K Sa du noko?
Nøytrale augo
som ser forbi.
Vanlege ord
som ikkje treng seiast.
Men hendene, føtene,
kastet med hovudet.
Måten å sitja på,
venda kroppen mot på.
Alt fortel.
Derfor visnar litt i oss kvar dag.
Nei, ingenting.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
tirsdag 20. november 2012
K Når hjarta talar
Når hjarta talar,
blir eg stum.
Med tomme kalde augo
ser eg deg.
Alt eg har lært, nektar
å la hjarta tala.
Hjernen kan alt -
analysera, vurdera, rubrisera.
Ut kjem hjernevaska
logiserte ord.
Kalde fakta som hjernemenneska
skjønar.
Når hjarta ein gong
slår igjennom.
Skjønar eg ikkje.
Ingen andre hjernemenneske heller.
Derfor blir eg stum.
Når hjarta er stengd
for godt
er eg eit fullverdig
hjernemenneske
då kan eg først
eksistera
mellom alle dei andre
hjernemenneska.
Eg har berre att
tomme kalde augo
som ingenting ser.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
J Småsoge
Dei kloke mennene er kloke-
den eine etter den andre.
To menn gjekk ved sida av kvarandre.
-Kvar skal du? sa den eine.
-Eg skal i krigen, sa den andre.
-Eg og skal i krigen.
-Kva skal du gjera der?
-Eg skal sjå på.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
mandag 19. november 2012
J Klokka er 20. Redsel og gru er heldigvis omme for i dag
Om kvelden kl 1930 ser du
på TV.
Då ser du av og til mitraljøsene spelar.
I ein varm stol og med kaffi i
koppen seier du UFF.
Framtida skal ikkje vera
i våre hender.
Takk
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
I Småsoge
Det er veldig sundt å gå fottur i fjellet
To unge jenter gjekk tur i fjellet.
-Her var lufta frisk og rein, sa den eine.
-Eg høyrer ikkje kva du seier. Du snakkar så utydeleg, sa den andre.
-Då har eg fått trøbbel med gassmaskemokrofonen att.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
fredag 16. november 2012
I Jaktsesongen er snart slutt no
I dag skal eg ut og fanga tusenfrydar.
Eg skal fanga dei med kronblad
og alle andre ting dei treng
for å livberga seg i landet vårt.
I morgon skal eg prøva å fanga meg sjøl.
Då får eg bruk for alt
det eg har lært
i alle dei andre jaktsesongane.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
H Eventyr
1. Ein liten skog med tre og gras og elv og gøymeplassar
-Fuglen min er inni der
og rev og bjørn og harepus og ulv fer rundt og tassar
-Anneli og Tori, kom no her
2. Me skal besøkja bjørnen der ved huset hans ved elva,
og reven bur i lag med han, det vil han sjølsagt velja.
3. Pusen kjem og bankar på, etterpå kjem fuglen likeså,
og bjørnen sit i stolen sin: Kor mange fiskar kan me få?
4. Dei henta fiskesakene og vandra bort til fossen.
Og Anneli og fuglen sa: Hei deg, du er tossen.
5. Så fiska dei og fiska dei den eine fisken og den andre.
Anneli fekk to og Tori ho fekk ein og nokre fekk kvarandre.
6. Og etterpå så gjekk dei heim til hytta og til plassen.
Bjørnen steikte fiskane og så åt dei på terassen.
7. Og kvelden kom med lette steg frå skog og fjell og lia
og snart går Anneli med kosen sin på fjerne draumestia
-Fuglen min er inni der.
-Anneli og Torei kom no her.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
G Eit menneske lever side om side i sine vasstette skott
Når dagane vender det andre kinnet til,
gler du deg over dei store ting i livet.
ei rose som har sprunge ut
ein solstråle på sengeteppet
og ein som kjem innom og
snakkar med deg.
Når dagane vender kinnet til,
gler du deg over dine arbeids hender
pengars verdi
og over dine barns store hus og stereoanlegg men
ingen kjem innom og helsar på deg.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
F Den dagen er ikkje komen då du skal elska fiendane dine
Mange dagar finn eg ikkje orda.
Tankane er tomme.
Alt eg les forvirrar meg og gjer meg stum.
Alt eg ser fortviler og gjer meg redd.
Alt vert bitar og flimrar forbi.
La meg ein dag fanga puslespelet,
finna fram dei bitane som passar inn.
La meg ein gong fanga orda dine,
la meg lesa tanken din.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
onsdag 14. november 2012
F Småsoge
Berre ei atombombe takk.
Ein mann kjem inn i ein butikk.-Versågod.
-Fører de atombomber. Eg skulle gjerne hatt ei no til helga.
-Nei, desverre, me har ikkje fleire att. Men viss du går ned gata
og svingar til venstre, kjem du til ei forretning
der dei sel atombomber.
-Takk for hjelpa, sa mannen.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
F Fuglane syng ikkje meir
Korleis kan eg syngja når fuglen min er stum.
Han song for meg kvar morgon, kva vår og sommarstund.
Han var min barn- og ungdom og alltid var han nær.
Han song for meg frå livet, og livet det var her.
No syng du ikkje meire, kjær vene fuglen min.
Du song i morgongryet mens bombene flaug inn.
Du song for meg den våren, den siste som var gitt,
til bomba stogga songen din i epletreet ditt.
No syng eg ikkje meire, for fuglen min er stum.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
E Kvar kveld i Dynastiet. Halleluja
Før gjekk Dynastiet i TV.
Menneska i Norge såg på det og tykte det var glupe greier.
Laurdag 29.10.83 kom Krystle Carrington inn på kontoret
til mannen sin herr Carrington.
Ho hadde med ein kopp kaffi til han.
Men han blei rasande og sa at han hadde 20 stykke
som kunne bera kaffi til han.
Han kunne knipsa med fingrane og få dekka bord til 200.
Og med nokre få ord kunne han styrta ei regjering
i Sør-Amerika.
-Krystle, du skal liggja heime i senga og venta på meg.
Det er det ei god kone skal gjera.
Etterpå skrur vi av fjernsynet, kanskje,
og så skal vi gå bort og gjera det motsette av det
vi nettopp har lært.
(vi knuser vår bilde 1984 ABM)
mandag 12. november 2012
E Fjernsynsprogramma flimrar forbi. Det eine føre det andre
Dei skyt kvarandre på TV kvar dag.
Dei stikk med knivar og dei bombar.
Dei slår og spenner
og lever eit gildt liv.
Men kven som dør
og kven som reiser seg med eit smil
og går heim til middag.
Ja, kven veit.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
søndag 11. november 2012
E Når du går inn i dine mørke rom, finn du aldri ut att
Sommaren 1983 såg me i TV
korleis juntaen i Hellas utdanna teroristar.
Dei brukte tre månader på det.
Opplæringsmetodane er kjende.
Ingen pedagogiske teoriar er så velprøvde.
Terroristen sit der i TV med barnet på fang
og fortel om arbeidet sitt.
Han trivst best når dagen gryr
og når tunge dører smeller i.
Så går han inn til sjefen sin:
-Herr, eit stykke papir med sanninga på.
Så reiser dei heim til dei små barna sine.
Terroristen og terroristens sjef.
I skotsikre bilar og innafor ein
ring av hundar og andre vaktpostar
lever dei med sanninga si og det evige
livet sitt.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
D Småsoge
Godseigaren talar til son sin
Godseigaren hadde teke med seg sonen sin oppå eit fjell, og dei såg utover eigedomane.-Alt dette vert ditt, guten min, sa godseigaren.
-Kvifor det? sa den vesle sonen.
-Jau, for di eg har eigd det, og då skal du eiga det, sa godseigaren.
-Er eg nødt? spurde den vesle sonen.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
D Når du trur du har kjøpt alt, prøver du på slikt som er gratis
Eg gjekk over strendene
for å fanga dei siste solstrålane
om hausten.
Eg fanga og eg fanga,
men eg greidde ikkje halda på dei
så eg måtte gå tomhendt heim att.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
D Småsoge
Ulike motiv
Ein gammal mann og den vesle sonesonen sat på ein benk i parken.
-Du er ein grei gut som går tur med bestefaren din, sa den gamle mannen.
-Ser du det raude huset der borte bestefar? sa den vesle guten.
-Det er fint ver og mange ender i dammen, sa bestefaren.
-Der sel dei is og brus, sa den vesle sonesonen.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
D Me hjelper dei jo
Rullesteinane i stranda har rulla gratis
i mange år.
Ingen betaler for det.
Eg har aldri sett bankar der.
Jau, kanskje kjem Verdensbanken
eller andre Konsern
og tek med seg dei finaste steinane
og låser dei inn i bankkvelva sine.
Men dei andre steinane rullar og rullar.
Dei er så mange
og så vert det betre plass.
Lateral eller bilateral
spelar ingen rolle.
Kva masar du om.
Me legg jo Colaflasker på strendene
i staden for steinane.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
onsdag 7. november 2012
C Vindane skal forfølgja deg på havet, langs strendene, i lufta og på slettene
Ei sandstrand i sola om sommaren.
Dei små barna leikar der.
Tålmodig. Tusen nye ting
som dei vaksne ikkje ser.
Dei smiler og snakkar til seg sjøl.
Sandstranda, barna og sola
og vinden som bles forbi.
Vinden fører med seg eventyret,
eventyret frå mange land
som me ikkje vil tru på
frå dei tomme sandstrendene
der bølgjene leikar
og gribbane flyg over.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
22.07.11 Å vera langt unna
Det er høyring i Kontrollkomiteen i Stortinget om 22. juli 2011. Den føremiddagen var me på veg frå Tafjord og opp i fjella innafor. Radio- og telefonsambandet der oppe var så dårleg at me berre høyrde rykte om det fæle som hadde skjedd. Morgonen etter sykla eg nedover dalen til dess eg kom til ein plassa med dekning. Då fekk eg greie på det.
Diktet nedanfor laga eg ikkje lenge etter. Bildet klarte eg ikkje å mala før i sommar
Diktet nedanfor laga eg ikkje lenge etter. Bildet klarte eg ikkje å mala før i sommar
Eg sykla ned frå fjellet
for å snakka i mobil.
Me høyrde rykte om
det vonde.
Alle som var døde.
Var det hundre?
Eg berre stod.
Med telefonen
i handa.
Lenge
Fjella er like bratte
og fossen durar
like sterkt.
Men set kryss
over tjueandre juli
Set kryss over.
Set kryss over.
Set kryss over
gjerningsmannen
og dei som har
leia han på vegen
og styrka han
i galskapen.
Etterpå skal
tjueandre juli
leva inne i oss alle.
Brenna og
halda oss vakne.
(ABM juli/august 2011)
tirsdag 6. november 2012
C Terna og badegjestane
Terna er ein kvit fugl som har ein svart flekk
på hovudet og er grå oppå vengene.
Ho har smekker kropp og aerodynamiske liner.
Ho flyg kvilelaust langs strendene.
Når ho ser ein fisk eller ein badegjest,
stuper ho ned med ein ufatteleg presisjon.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Terna og badegjestane
Terna er ein kvit fugl som har ein svart flekk
på hovudet og er grå oppå vengene.
Ho har smekker kropp og aerodynamiske liner.
Ho flyg kvilelaust langs strendene.
Når ho ser ein fisk eller ein badegjest,
stuper ho ned med ein ufatteleg presisjon.
(vi knuser våre bilde 1984. ABM)
Kanskje forlet dei oss vår skuld, for vi veit i grunnen kva vi gjer.
-Sit i ro, seier vi, besteforeldre, foreldre,
sysken og alle dei andre.
-Tei still, seier vi.
-Snakk, seier vi, og så reiser dei seg opp
og seier fram det vi vil.
-Takk, seier vi. Sit ned.
Vi bind dei på hender og føter.
Vi kneblar dei for munn, øyre og auge.
Når vi har gjort alt dette,
kastar vi dei ut i livet
der dei kan gråta og skjera tenners gnidsel.
(vi knuser våre bilde. ABM)
søndag 4. november 2012
Småsoge
Likestilling i teori og praksis.
Men det er ikkje det same.
Mora og den vesle jenta på tre år.
-Kva leikar du? sa mora.
-Eg leikar mor og far. No er eg mor, sa den vesle jenta.
-No må du rydda alle leikane dine, sa mora.
-Nei, no er eg far, og farane ryddar aldri, sa den vesle jenta.
(Dette er ei soge eg sat og høyrde på sjølv)
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
B Kvar gong du snur deg har du lært noko
Å vera liten og reisa med ferjer.
Store spennande båtar
med tusen millionar ting
å sjå og ta på.
Vårt barndoms grenseland.
Me var prisgitt på vei
til bestemmelsane.
-------
Du og eg og alle dei andre
som me kjende.
-------
Ferjereiser
Når du har vakse opp på øyane
når ferja opna verda di
dei slitne stolane, dei grå trappeneog røykelukt
når det alltid venta noko etterpå
ein tannlege, ein fotballkamp
ellerei jente om du vil.
Ei ferjereise vart for alltid noke anna for oss
me er på veg
-------
Slik ber du med deg dine barndoms ferjereiser
gledene og angsten. Det høyrer med.
Alt.
Småsoge
Når våpenkappløpet er slutt, kan nedrustningsforhandlingane ta til.
Ein spyttande giftslange møtte ein jeger.
-Kom nærare så eg får spytta på deg, sa
den spyttande giftslangen.
-Det treng eg ikkje, for geværkula mi går 200 m
beint fram, sa jegeren.
-Ja, ja då skulle vel saka vera avgjort då,
sa slangen.
-Det vert ein lett match no, sa jegeren
og sikta med geværet.
-Men viss eg sluttar å spytta, kva gjer du då?
spurde den spyttande giftslangen.
Då sluttar eg og å spytta, svarte jegeren.
(vi knuser vår bilde 1984 ABM)
Barna har sansane i behold så lenge det varer
-No kan de skriva eit dikt om før og no,
sa eg til barna.
Ein gut som var 11 år, kom gledestrålande
fram til meg.
Han hadde skrive:
-Før laga eg første verdenskrig.
No har eg slutta med det.
Eg sa til han:
-Du har vore ein flink gut.
Etterpå sat eg bak det trygge kateret mitt
og tenkte eit øyeblikk med meg sjølv.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Småsoge
I "vi knuser våre bilde 1984" skreiv eg historier som illustrerte ein del
av dei problemstillingane me var opptekne av på den tida.
Eg kalla dei småsoger. Her kjem den første:
Dei små og dei store gutane
Ein liten gut og ein soldat gjekk saman
bortover vegen.
-Kva skal du bli når du blir stor? sa soldaten.
-Eg skal bli soldat og kasta granatar på dei
stygge gutane som spenner og slår meg, sa den
vesle guten.
-Eg også kastar granatar på dei stygge gutane,
sa soldaten.
-Kva skal du bli når du blir stor? spurde den
vesle guten.
(vi knuser vår bilde 1984. ABM)
torsdag 1. november 2012
A: Vi lærer litt kvar dag får vi tru
Når verda er tre og eit halvt år
og ny kvar morgon.
Når sola skin i fire dagar
er det endelaust
og jublande-
-Sjå her er ein krabbe pappa.
Når du har fanga fem krabbar er du stum
og berre ser og ser
på krabbane i bøtta di.
Og så vil du eiga dei
og ha dei med deg.
Før skal dei dø
enn at du slepper dei
ut i havet att.
Slik er det å vera tre og eit halvt år
på stranda i sommarsola.
Vi lærer litt kvar dag
om livet og om dei andre.
På Sri Lanka tende dei fyr på
ein folkevognbuss, så stengde dei dørane
slik at ingen slapp ut - menn, kvinner og barn.
Mobben gjorde det stod det i avisa.
Kven er mobben - meg eller deg?
(ABM: Vi knuser våre bilde 1984)
søndag 28. oktober 2012
Innleiing
A-B-C boka ramma vår barndom inn.
Ho var grensa for læreplanen i skulen.
Boka låg i ranselen som ein heilagdom.
Ho skulle vera vår bok for alltid.
Ingen skulle ha ho att.
A-B-C boka var mi.
Harepusen, bjørnen, blomane,
Ola, Kari og alle dei andre eg kjende.
Og så bokstavane og orda som opna verda mi.
Då oppdaga eg litt om litt den verkelege A-B-C boka.
Læreplanen om livet.
Så var eventyret slutt og eg fann fram
mi første A-B-C bok
og reiv ho sund.
Side etter side
og kasta dei inn
i den flammande elden.
Dette er framsida på eit hefte eg skreiv i 1984. Eg skreiv dikt, songar og noko eg kalla for småsoger. Heftet er illustrert av nokre barn i nabolaget. Dei fleste av Lars Malvin Røssland Kvinge som då var 8 år. Me var eit vanleg lokalt samfunn i 1984, og eg skreiv om samfunnet sett frå barna sin ståstad, og ut frå dei vaksne. Det er sjølvsagt mine inntrykk og tankar, men kanskje er dei eit ørlite bilde av eit bestemt tidspunkt og ein bestemt stad.
Heftet heiter "Vi knuser våre bilde. 1984"
Utgangspunktet var romanen "1984" av Georg Orwell. Han skreiv denne framtidsromanen i 1949. Boka handlar om ein totalitær stat som er slik at "storebror ser deg" og kontrollerer alt du seier og gjer.
På sett og vis handlar heftet mitt om dette temaet, men også om at livet og samfunnet er meir innfløkt og komplisert enn ein trur.
Eg kallar heftet for ein kabaret. Denne forma med dikt, songar, bilde og småsoger
gjev eit anna inntrykk enn den episke framstellinga.
Forordet i heftet lyder slik:
Kabareten startar nå
1. Sit du der forventningsfull og smiler og er blid
No stemmer vi - no stemmer vi kabareten i.
Ver med på turen i gråt og song
til dess du fangar deg sjøl ein gong.
2. Sjå på meg - no held eg speilet opp ei tid.
No stemmer vi - -no stemmer vi kabareten i.
Eg fortel eksempel frå A til Å.
Alt det andre må du sjøl måtta tenkja på.
3. Ingen sak - og studium - med emnedeling i.
No stemmer vi - no stemmer vi kbareten i.
Alt kjem som døme frå livet så,
kan du kanskje få litt å tenkja på.
lørdag 20. oktober 2012
Du hugsar det annleis enn du trur
(Malt av Besten 62 år og Karl Martin 7 år. Karl Martin laga huset og figuren oppe på himmelen)
Frå eg var liten gut
er det lyset, sjøen og havet eg hugsar best.
Sola skein på dei mest forunderlege stadene.
Det lyste og glitra. Og så hugsar eg dei store båtane.
Og eg tenkte på alt det som Karl Martin tenkte på.
Framande bygningar og figurar, sniglar, store fiskar.
Og så den kjempestore propellen, besten, som den store båten har.
Slik er livet, det forunderlege, det same til alle tider.
(ABM 01.02.06)
Folket ved fjorden
Eg tenkjer på det.
Husa var småe og
berga var bratte og
det var langt ut.
Men det er sjøen
og fjorden og havgapet
eg hugsar.
Og så alle folka.
Alt var der
til alle tider.
(ABM 22.11.05)
torsdag 18. oktober 2012
Dei to andleta
Opplæringstida er slutt no.
Andletet ditt er meisla slik at du lever
livet ditt til du dør eingong.
Augo dine er faste og tomme,
munnen ein strek
med automatisert opne- og lukkemekanisme.
Strekane i kinnet ditt er festna for godt.
Og så går du bort i livet ditt og gjer det du må.
Det andre andletet ditt finst ikkje lenger.
Læreplanen i livet og skulen arbeider saman
om å få det bort.
Så har du mist det andre andletet ditt.
Det som vender seg mot meg – opent, nake
og forsvarslaust.
Munnen mjuknar og strekane viskar ut
alt du har lært,
slik at du møter meg og
fangar mysteriet saman.
(ABM 1985)
mandag 15. oktober 2012
Vestlendingen
(Malt av Karl Martin 7 år og Besten 62 år)
Vestlendingen er i meg
alle stader, også
i draumane mine, og i
mareritta som slit.
Dei bratte fjella.
Dei små husa og
det store havet.
Dei mørke maktene, og så
det tindrande lyset ein stad.
Ingen slapp velberga ut, for
du ber alt med deg, og
det slit i deg.
(ABM 01.12.04)
søndag 14. oktober 2012
Kva tenkte gudane på?
Dei høge ville fjella strekkjer seg
til himmelen.
Alt er veldig. Og alt er stort.
Kulden, snøen og den
mørke fjorden.
Dei små husa kan me nesten
ikkje sjå.
Og menneska. Kvar kom dei frå.
Og kvar er dei?
Kva tenkte gudane på,
trur du?
(ABM 16.10.09)
torsdag 11. oktober 2012
Me hugsar på mange måtar
Det er pussig korleis me hugsar. Mange av dikta og bilda har utspring i ei hending eller ein situasjon i barndommen min. Eg har undra meg over kor brutale, konkrete og direkte mange av dei er. Eg begynte å lura på om det var noko med forma i dikt og bilde som hentar minne djupare nede i hjernen enn når me hugsar på vanleg måte. For å undersøkja dette held eg no på å skriva fortløpande det eg hugsar frå barndommen. Då skriv eg ei forteljing, Etterpå kan det bli interessant å analaysera og vurdera dei ulike formene.
God reise
Når du har vandra
langt og lenge,
og er motlaus og
trøytt og lei,
er du heldig og
møter ein ven.
Inne i dette landskapet
snakkar de om mange
ting.
Det underlege lyset,
fjorden og fjella.
langt innover.
Eg ser våren kjem i år
også, sa du.
Så gjekk eg og du gav meg
Den gamle irske helsinga:
”Må vegen ta vel imot deg.
Må vinden alltid bera deg fram.
Og må gudane halda handa si
Over deg.”
(ABM nov. 2009)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
















