Sider

onsdag 11. september 2019

Tonen min




Gje meg tonen frå fjorden blå
Lia og fjorden er nære meg nå.
Eg diktar om bølgjer og sjø og strand.
Drøymer meg bort til framande land. 
Gje meg ein tone i kveld.
Frå seglet som
strammar og slår,
og bølgjer som
klukkar og får
båten min trygt
inn til land. 
Der skal eg leggja meg
sakte til kai
og spørja:
-Kvar er eg no? 
Gje meg tonen i kveld
når eg snakkar med deg.
Eg veit du vil sei noko
viktig til meg. 
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg tonen frå fjorden blå.
(ABM 27.07.2014)

                                 


fredag 19. juli 2019

Det er i grunnen trist viss det går slik.


I 1984 fekk nokre gode vener meg til å laga ei diktsamling. Ho heiter Vi knuser våre bilde 1984.
I den tida var me redde for at jorda som me bur på skulle bli øydelagt. Denne redselen er ikkje mindre i dag, trur eg. Eg snakkar om dette i diktet nedanfor.

1.
Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.

2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.

3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.

4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.

5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.



                      

mandag 24. juni 2019

Sløkk ljoset før du går



Tenk å vera langt av lei
å sitja litt så lun og fin
på trappa ved Montmartre
å vandra i den gamle by
i Roma og Berlin.
 
Å vera langt der borte-
 
langt av lei
 
på torget i Tasjkent
og vandra rundt i Istanbul
og heilt til Mandalay.
 
Slik tenkjer eg i stolen min
og har no alt eg vil
til dess eg tenkjer reisa meg
då høgg ei smerte til.
 
Eg tenkjer litt på alle dei
i denne vide verd
som smertar mykje meir enn eg
og ikkje har dei heim og mat
og ingen stad å ver.
(ABM 19.01.2018)

torsdag 13. juni 2019

Livet ruslar og går


Søndag 16. juni skal eg opna Friluftsfestivalen på Litlabø på Stord. Mange lag og organisasjonar er der og viser fram kva aktivitetar dei kan tilby. Folk får prøva dei ulike tinga.
Eg har blitt oppfordra å lesa diktet nedanfor. Eg laga det i 2014.
 

Litt hjartebank
er god å ha
når hjorten
stig på myra
når fisken bit
på snøret
når skuggane
vert lengre og
natta stundar til
når tankane
er mange og
virrar rundt
om kring
når du og eg
er saman du kjære
venen min.
(ABM 12.09.2014)

onsdag 12. juni 2019

Syng for meg



Ei fredfull stund.
 
Eg driv langs berget
med våtdrakt
og dykkarmaske.
 
Blomane i havet
duvar sakte
i den svake straumen.
 
Fiskane dovnar seg
mellom tang og tare.
Og krabbane piler
hit og dit.
 
Ein anna dag.
Ei stormfull strand.
Eg sit på berget.
Og vinden uler.
 
Bølgjene slår
veldige inn.
Og sjøen går kvit
der ute.
 
Songen om det
omskiftelege.
I livet.
Og med meg
og deg.
(ABM 12.05.2019)

onsdag 29. mai 2019



Diktet nedanfor som heiter "Du min kjære" fann eg tilfeldigvis hjå nokon som hadde fått det av meg. Ikkje hadde eg teke fotografi av bildet og ikkje hadde eg lagra diktet.
Slik er det med mange av dikta eg har skrive. Dei har blitt borte.
Men her er bildet til diktet "Du min kjære":




Du min kjære
 
Det er mørkt
når du er borte.
Du lyste opp
og var meg nær.
 
No er det haust
og dagane er korte.
Inni meg er audsleg du.
Eg hadde deg så kjær.
(ABM 17.05.2014)

tirsdag 21. mai 2019



Det mørknar

 
                                   

                                                                        Skuggane
innunder berga
langsmed strendene.
 
Skuggane
i kvite sanden
under dei høge husa. 
Skuggane
alle stader
der sola ikkje slepper til. 
Skuggane
inne i meg
langt i det inste. 
Så har tida runne ut
den tomme plassen
og den lange skuggen.
(ABM 22.05.2019)

onsdag 15. mai 2019

Me har visst det lenge




Den jorda som eg trør på
var ein gong
stenka full av blod.
Heilt frå Abraham til Waterloo.
 
Den jorda som eg trør på
er turr og berre sand.
Varm og støv.
Og heite lufta søv.
 
Den jorda som eg trør på
er asfalt og betong.
Hardt som berg og fjell.
Når siste bygningane fell.
 
Eg hugsa jorda
som eg trødde
lenge lenge sidan.
Mjuke molda
mellom tærne mine.
Når eg så gjekk bort
til deg
og morgonsola
blenkte glad i augo dine.
(ABM 04.04.19)

torsdag 9. mai 2019

Du min kjære



Det er mørkt
når du er borte.
Du lyste opp
og var meg nær.
 
No er det haust
og dagane er korte.
Inni meg er audsleg du.
Eg hadde deg så kjær.
(ABM 17.05.2014)

onsdag 23. januar 2019

Eldkraft


Hei
No har eg lese siste korrektur av dikt- og bildeboka mi. Forlaget reknar med at boka er ferdig om eit par veker. Eg tykkjer det ser bra ut.

Nedanfor kan du lesa det siste diktet eg har skrive. Eg skal snart mala bildet, men eg kvir meg. Både diktet og bildet gjer vondt inni meg, men det ligg der inne og uroar meg så eg kjem til å mala det.


Eldkraft, mektig
eldkraft,
sa dei stramme
uniformane.
Og kanonløpa stritta
mot himmelen. 
Eld, ropte dei.
Og torden og lynglimt
flerra opp den
mørke himmelen. 
Eg fann ikkje bror min,
søstera mi eller
foreldra mine. 
Eg hugsar at eg
kraup langs dei
sundskotne husa.
Eller langs den slake lia.
Eller ned til fjorden.
Eller over dei vide
slettene. 
Gje meg ein tone i kveld.
Tonen frå heime.
Frå huset vårt
og far og mor
og broren min
som terga meg.
(ABM 15.01.19)