Sider

onsdag 23. januar 2019

Eldkraft


Hei
No har eg lese siste korrektur av dikt- og bildeboka mi. Forlaget reknar med at boka er ferdig om eit par veker. Eg tykkjer det ser bra ut.

Nedanfor kan du lesa det siste diktet eg har skrive. Eg skal snart mala bildet, men eg kvir meg. Både diktet og bildet gjer vondt inni meg, men det ligg der inne og uroar meg så eg kjem til å mala det.


Eldkraft, mektig
eldkraft,
sa dei stramme
uniformane.
Og kanonløpa stritta
mot himmelen. 
Eld, ropte dei.
Og torden og lynglimt
flerra opp den
mørke himmelen. 
Eg fann ikkje bror min,
søstera mi eller
foreldra mine. 
Eg hugsar at eg
kraup langs dei
sundskotne husa.
Eller langs den slake lia.
Eller ned til fjorden.
Eller over dei vide
slettene. 
Gje meg ein tone i kveld.
Tonen frå heime.
Frå huset vårt
og far og mor
og broren min
som terga meg.
(ABM 15.01.19)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar