Sider

onsdag 20. mars 2013

Kva tenkte gudane på

 
 
Dei høge fjella
strekkjer seg
 til himmelen.
 
Alt er veldig.
Og alt er stort.
 
Kulden, snøen
og den mørke fjorden.
 
Dei små husa kan me
nesten ikkje sjå.
 
Og menneska.
Kvar kom dei frå.
Og kvar er dei.
 
Kva tenkte gudane på, trur du?
 
(ABM 16.10.09) 

fredag 15. mars 2013

Barna har sansane i behold – så lenge det varer



  •          
    –No kan de skriva eit dikt om før og no, sa eg til barna.

    Ein gut som var 11 år, kom gledestrålande fram til meg.
    Han hadde skrive:
    –Før laga eg første verdskrig. No har eg slutta med det.

    Eg sa til han:
    –Du har vore ein flink gut.

    Etterpå sat eg bak mitt trygge kateter
    og tenkte eit øyeblikk med meg sjølv.

    (ABM 1983)

fredag 8. mars 2013

vi knuser våre bilde 1984 ABM

 
No har eg lagt ut heile diktsamlinga "vi knuser våre bilde 1984". Det var den tida. No er det ei anna tid og andre ting å tenkja på, muligens. Kanskje er utfordringane mykje dei same, men orda og måten å uttrykkja seg på endrar seg.
 
No held eg fram med å leggja ut dikt og bilde som heng på veggene i 1. etasjen i huset vårt.
 


mandag 4. mars 2013

Etterord


Det Orwelske 1984 var her. Kanskje.
Det gjekk forbi.
Mens det gjekk forbi, gjorde me
arbeidet vårt med lukka andlet.

Kanskje var det her trass alt.
Det vil me oppdaga i 1994
eller muligens i 2004.

Stivna knuste andlet går forbi kvarandre
og snakkar og snakkar.

Og ingen møter deg nokon gong
med åpent andlet og auge med botn i
og med mysteriet der inne.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Å Jaktsesongen er slutt no


Eg greidde ikkje å fanga tusenfrydar
endå eg prøvde alt eg kunne
å fanga dei med kronblad
og alle ting dei treng
for å livberga seg i landet vårt

Eg greidde heller ikkje
å fanga meg sjølv
eg har med andre ord ikkje lært nok
- eller kanskje
har eg ikkje lært dei rette tinga -
i alle dei andre jaktsesongane

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Ø Eg fann i grunnen ikkje overskrift til dette


Eg kunne tenkja meg å spenna meg fast i springstolen
min
og så springa ut i dei tomme romma.
Eg trur det ville gjera meg
godt.
Oppbrotet, rørsla og så ingenting.

Då ville eg kanskje også hatt
mot
nok til å setja livet mitt i revers
og forstå kva eg ikkje
gjorde.
Og så kunne eg muligens læra
av det til eit anna
liv.

Kven skal eg spørja til råds i slike
vanskelege spørsmål?

Eg har ikkje funne dei på jorda,
og eg fann dei heller ikkje
i dei tomme romma

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Ø Me trudde heile tida at me såg oss sjølve i ovale speil


I ovale speil skjer det mykje rart.
Der vert du skeiv og skakk
og vridd og lang
og så smiler du med brotne tenner og lang nase.

Tenk å vera inne i heile ovale rom.
Tenk på kor forvridde
og løgne me er der - 
ifrå alle sider.

Me ser på kvarandre og ler hjarteleg.
Me ler og hujar og skrik
til dei ovale speila sprikk.
Men tenk - me er like løgne for det.
Me er like skakke og forvridde.

Då ler me ikkje meire.
Me går ut av dei ovale romma
og er alvorlege etterpå.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM) 

Ø Er det berre eg som er redd?


Eg er så redd for kva som skjer med oss
etterpå.
Når me ser ein som vert skoten i
Detektimen på TV.
Ikkje er det blod, ingen sjukebil,
ingen som gret ved grava.
Han berre ligg der pent og pynteleg
og er død.

Eller når ei kvinne vert
voldtatt og misshandla, slått og piska på film.
Det ser så sjølsagt ut.
For me får sjå saka gjennom
handlingsmannen, tøff råtass
med stålblikk og I Love Him.

Kva skjer med oss etterpå.
Når me har sett slike ting tusen gonger
titusen gonger på video og TV.

Når har me fått tilstrekkeleg opplæring
og går ut i livet og gjer likeså?

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)


Ø Når det hender i mi gate, kva då?


I går såg eg ein som
fekk hovudet knust
og hjarta rive ut på video.
Eg rok ein slurk av pilsen min
og smilte til mine ungdoms venner.

I dag ser eg det ligg
strødd med lik i gatene
med vridde armar og oppblåte magar.
Folk går og snakkar med kvarandre
og bilane kjører forbi på Dagsrevyen i TV.
Eg kjøler tunga med drinken min
og seier:
-Det var voldsomt.

I morgon skjer det kanskje i
gata vår.
Er eg ein av dei døde.
Eller hastar eg forbi og
snakkar med kvarandre.

(vi knuser vår bilde 1984 ABM)

Ø Me veit ikkje kva barna har lært før me får sjå kva dei gjer med livet sitt


Eg ville så gjerne vera saman
med barna mine i kveld.
Men dei er over haugane
ute i dei ville skogane.

Eg lærte dei at dei skulle vra
gode og snille.
Men barna mine drog ut i
livet sitt,
og det hadde eg ikkje vågd å tenkja på
at dei skulle.

Eg kærte dei at dei skulle
elska medmenneska sine
Men ute i den ville skogen
var det ikkje slik.

Eg var ikkje med dei bort i skogen,
endå dei var der ofte mens dei var små.
Då kom dei heimatt imellom,
og eg kunne læra dei om å vera gode.

No kjem dei ikkje heimatt lenger,
og eg kjenner dei ikkje att.
Anten har eg blitt vill for dei
eller så har dei blitt ville for meg.

(vi knuser vår bilde 1984 ABM)


søndag 3. mars 2013

Æ Me veit når hausten er omme


I dag har hausten vinteren i seg.
Den blå klare lufta og dei høde skyene
som snakkar snø med kvarandre.

Eg går til arbeidet mitt
som er det same til alle tider.
Likevel kjenner eg ei uro langt inni meg.
Uroa om at hausten er omme og vinteren tek til.
Uro over endringane.

Eg lengtar eigentleg etter at alt skal forandrast.
Og veit det vil koma.

Likevel er det djupaste i meg uroleg.
Kanskje er det noke læraren, foreldra
og alle dei andre har gløymt å læra meg.
Det er noke om mysteriet inni oss. Muligens
er det vanskeleg å få det med i læreplanane. Eller
dei trur kanskje det er ufarleg.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Æ Haustregnet strekkjer seg over himmelen


Utanfor vindauga blomstrar
hagen og åkeren av.
Flaggstonga strekkjer seg mot himmelen.
Vegen ligg der og glinsar i regnet.
Det er lys i lyktestolpane
til langt på dag.
Det grå regnet, åsane og skogen.

I dag tidleg
var fjellet kvitt.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Æ Men etterpå?


Ein ven skreiv:
-Jeg burde ha visst det
allerede da
jeg kjente
den første, svake sitringen.

Gjenoppbyggingen vil bli
smertefull.

Når du møter dei andre menneska
dei du kjenner med ein gong -
dei du dansar dansen din med
og veit at du er heilt trygg,
då kjenner du redselen i deg.

Me veit at me må vandra
langs grensene i oss.
Og viss me sprengjer dei langt der inne,
vil samanmuringa verta full av pine.

Men etterpå kan me gå ut i dagane
med våre nye liv mellom hendene.
Ingenting vil vera det same fleire gonger.

(vi knuser vår bilde 1984 ABM)

lørdag 2. mars 2013

Z Når dagen er inne, må me vakna


Me veit aldri når dagen er inne,
når livet vender eit kinn til
som me aldri har opplevd før.

Då gjeld det at me finn fram
alt motet vårt,
 og at me har fått den rette
opplæringa
slik at me held hendene våre fram.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Y Når eg er førti år snart, må eg tenkja på korleis eg har brukt dagane i lviet mitt


Den indiske diktaren Tagore seier:
-Berre få dagar i livet ditt er gitt til kjærleik.

Eg møter desse sjeldne dagane
med angst.
For eg må gje noko
kvar gong.
Eg må leggja noko att av meg sjølv
når eg reiser meg og går.

Så vert det mange kvardags dagar.
Og når kjærleiken på ny finn meg,
gøymer eg meg.

Gje meg styrke og  mot til å møta
desse mine få tilmålte dagar
og halda på dei.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

X I Dagsrevyen i TV 21/9-1983


"I Peru har regjeringsstyrkane
foretatt summariske henrettelser
av flere hundre indianere."

Ei setning, ei melding,
informasjon.

Elleve ord.

Eg orkar ikkje tenkja meir på dei
og skriva noko om det.
Orda får berre gøyma seg i hjernen min.

Så får dei heller skræma meg om nettene.

(vi knuser vår bilde 1984 ABM)

W Alle kan lura seg sjølv i dagboka si


-Begynn endeleg å vera menneske
medan du lever,
sa den romerske keisaren til dagboka si
i det andre hundreåret
etter Kristi fødsel.

Tenk om han hadde sagt det
til vennene sine
og til alle uskyldige menneske
som måtte levera blod og kjøt
slik at den romerske keisaren
kunne leva til sine dagars ende
også når han ikkje skreiv i dagboka si.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)