Sider

torsdag 31. januar 2013

V Barna er berre med på kjøt og flesk


Dei seier opptrapping.
Mellom supermaktene
seier dei på TV.
Og så viser dei eit krigsskip
som kjører siksak på havet
og skyt med store kanoner.
Så ser me ein tank som
"fyrer laus på fiendtlege stillingar".

Og så ser me eit lite barn
som sit midt på ein støvete
 veg.
Militærkjøretøya svingar utanom.
Barnet gret
og held ei fillete dokke tett
inntil brystet sitt.

Angsten grip meg
i min gode stol.
Hjarta knyter seg
og raseriet flammar gjennom meg.
Men så er tippekupongen neste innslag.
Oj, oj, har eg kanskje vunne
det store lodd.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)


U Småsoge


Det er ikkje alltid like lett å styra

Kapteinen stod på brua og såg ut over riket sitt.
-Klar med  livbåtane, roper kapteinen.
-Kvfor det? spør statsministeren.
-Båten står alt på havsens botn, kanskje livbåtane flyt opp.
sa kapteinen.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

U Dei to andleta


Opplæringstida er slutt no.
Andletet ditt er meisla
slik at du lever livet ditt
til du døyr ein gong.

Augo dine er faste og tomme,
munnen din er ein strek
med automatisert åpne- og lukkemekanisme og
strekane i kinnet ditt er festna.

Og så går du bort i livet ditt og gjer det du må.

Det andre andletet ditt finst ikkje lenger.
Læreplanen i livet og i skulen arbeider saman
om å få det bort.

Du har mist det andre andletet ditt.
Det som vender seg mot meg - åpent, nake og
forsvarslaust.
Munne mjuknar og strekane viskar ut
alt du har lært,
slik at du møter meg og fangar mysteriet saman.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

U Mørke kan vera ein god ting


Den eine kvelden i året -
eller kanskje kvart femte -
når fløyelsvarmt haustmørke
og du ligg innmed berga i båten din

alt det stille og mjuke
tislar og taslar
legg seg til ro rundt deg
lever i deg
gjer deg innovervend og egoistisk

likevel lengtar du etter denne stunda
desse totale sekund

etterpå kan du leva med alle dei andre

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

T Småsoge



Dei opplever kvar sin song
Songaren og jenta hans har funne lukka saman.
-Eg skal laga ein song om kor godt eg har det saman med deg,
sa songaren.
-Den blir populær, sa jenta hans.
-Det blir ein hit, sa songaren.
-Og så kan eg skriva ein song om kor godt eg har hatt det med deg.
sa jenta hans.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

T I regn


Eg såg du var våt i håret då eg skulle gå.
Eg følgde dropane langs kinnet ditt.
Eg smilte med attlatne augo
då me blanda tårene
før eg gjekk
i regn.

Leit ikkje etter meg når eg har gått.
La andletet ditt kvila mot mjukt regn.
La tårer i regn flyta saman
til du gløymer augo mine.
Så går du inn
og let dei varme vindane
tørka andletet ditt.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

lørdag 26. januar 2013

T Like før regn


Fargane glir mot skimmer i blåe tonar.
Trea søv med nakne greiner.
Lyden av sko mot sand
heng i stum luft.
Handa di er tørr
augo dine opne
tankane luter mot første dråpen
like før regn

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

(Dette diktet er det sett tone til)

S Forandringar er farlege, særleg til noko betre.


La natta vara.
La mørket vera svart.
La tankane vera urolege
så eg kan sjå andletet ditt.

Gje meg tanken din,
gje meg orda dine.
Gje meg di urolege ånd
når tankane dine er farleg snille.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

S Småsoge


Det er fint eller stygt ver i dag, sann.



Den unge guten og den unge jenta sat på ein benk i parken.
-Det er fint ver og barna leikar i parken, sa den unge guten.
-Det er koseleg med barn, sa den unge jenta.
-Men trea har vorte store og ville. Det er ei skam, sa guten.

(vi knuser vår bilde 1984 ABM)

S Stengd veg


Ut av dette er stengd veg.
Armane mine er kraftlause
føtene mine er trøytte
tankane mine i floke.

Gje meg din arm
stø meg
gje meg din varme
grip meg.

Men ut av dette
er vegen stengd
likevel

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)


S Kaldt


Eg møter deg kvar morgon med kalde augo.
Dine imot.
Mange møte kvar dag - slik.
Så snakkar me om ingenting
med bortbende andlet.

Me veit om alt.
Når vonde ting vert sagt
berre auga mot auga,
så les me i kvarandre om gode ting
me ikkje kan.

(vi knuser våre blide 1984 ABM)

R Småsoge


Barnet hadde ingen å leika med, vel?

Ein klovn og eit lite barn var på sirkus.
-Kan eg få fanga deg? sa det vesle barnet.
-Kvifor det? spurde klovnen.
-Eg vil ha deg med heim og leika med deg, sa det vesle barnet.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

R Smilet


Du smiler
narr
når augo er som is
med samanbitne tenner
møter du dagane

du er overkøyrd
narr
med lutande skuldre

men trekk leppene tilbake
og smil

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

R Av og til er me altfor kloke

Eg tenkte at hjernemennesket i meg
og dei logiserte tankane mine
var det tryggaste.
Eg vende meg inni meg sjølv
og trudde eg var klok.

I dei kalde dagane gjekk det bra.
Men om nettene når eg sov,
var eg forsvarslaus.
Eg vart heimsøkt av eit anna liv.

Då gjekk eg til deg og sa alt
som hjernemennesket hadde nekta meg.

Etterpå kokte eg kaffi
og var kry av meg sjølv.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

tirsdag 8. januar 2013

R Ord som blei sagt


Ord gjennom lufta.
Mørke, forvirrande.
Kjenner me dei?
Kjenner me dei att i morgon?

Dei skal forma framtida vår.
Ord me ikkje kjenner
kvarandre att i.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

R Kanskje, eller kanskje muligens



Me møter kvarandre ein gong,
kanskje når du ikkje anar.
Og så står me der
med valet i hendene våre.

Tenk om me vel rett då
og får eit godt liv.
Eller tenk om me gjer feil.
Kven får då eit godt liv,
kanskje nokon andre som me ikkje tenkte på.
Eller kanskje ingen.

Livet er vel i grunnen mange
muligens eller kanskje,
kanskje er livet fullt av det,
muligens er det det som er livet.

Men eg fann aldri svaret i ei bok.
Eg måtte gå ut og stira livet rett i auga.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

R Møte


Eg venta å møta deg.
Heile tida.
Eg har visst det alltid.
Du og.
Auga imot.

Angen av parfymen din
hang igjen i
Saueskinnsjakken min
til neste dag.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

Q Logikk


Gå ut i dagane med kalde augo.
Du tenkjer, skyv ifrå.
Møt berre ikkje dei andre.
Då vil den rettlinja sjela di mjukna
og tankane i floke.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

søndag 6. januar 2013

Q Når mørket er midt på dagen


Når mørket er midt på dagen
når blomen lukkar kronblada sine
når fuglane teier isamankrøkt
når havet ligg stumt og dødsvart
når skyene glør
og når stjernene opnar imellom

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

P Virvel

Lyset brenn ned.
Det blafrar sakte i luftning
frå to frosne sjeler
som uendeleg lydlaust og stilt
møter kvarandre
som i ein virvel
mellom stjerner

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

P I vår framtid


Når borgarfreden bryt laus
er det -
er det ikkje -
nokon her.
Amen.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)

O Rustningskappløpet er i grunnen ein god sportsprestasjon


Når rustningskappløpet er slutt,
er det så mange våpen
at det ikkje er plass til fleire.
Så ventar me på at ei elektronisk datamaskin
eller eit maskinmenneske
skal gjera ein liten feil
-sånn som me alle gjer av og til-

Når den første atombomba eksploderer,
skjer resten automatisk.
Då trykkjer knappane seg sjølve
både hjå oss og alle dei andre.
Dei som trykkjer fortast, vert sist utsletta.
Etter nitide utrekningar vil dei snøggaste
leva i gjennomsnitt 14.2 sekund lenger enn dei andre.

Heile rustningskappløpet galdt altså
kven som skulle nyta godt av
desse i gjennomsnitt 14.2 sekund.

I mitt førtiande år sprang eg 100 m på 14.2 sekund.
Eg tykte det var ei kort tid.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)