Hei
No har eg lese siste korrektur av dikt- og bildeboka mi. Forlaget reknar med at boka er ferdig om eit par veker. Eg tykkjer det ser bra ut.
Nedanfor kan du lesa det siste diktet eg har skrive. Eg skal snart mala bildet, men eg kvir meg. Både diktet og bildet gjer vondt inni meg, men det ligg der inne og uroar meg så eg kjem til å mala det.
Eldkraft,
mektig
eldkraft,
sa
dei stramme
uniformane.
Og
kanonløpa stritta
mot
himmelen.
Eld,
ropte dei.
Og
torden og lynglimt
flerra opp den
mørke himmelen.
Eg
fann ikkje bror min,
søstera
mi eller
foreldra
mine.
Eg
hugsar at eg
kraup
langs dei
sundskotne
husa.
Eller
langs den slake lia.
Eller
ned til fjorden.
Eller
over dei vide
slettene.
Gje
meg ein tone i kveld.
Tonen
frå heime.
Frå
huset vårt
og
far og mor
og
broren min
som
terga meg.
(ABM
15.01.19)