Sider

onsdag 29. august 2018

Ord i dag 29.08.2018



Eg eig ikkje tida.
Eg låner berre
eit lite sekund.
 
Eg eig ikkje jorda.
Eg låner berre ein liten bit.
 
Eg eig ikkje deg, min kjære.
Berre ei lita stund,
er me saman
her på jorda,
du og eg.
 
Alt som me låner,
må me ta oss i vare
og gleda oss over,
kvar einaste dag.
 
Alt som me låner
skal me gje vidare snart.
Til dei som kjem etter.
 
Eg lurer litt på i dag,
-med all redsel og gru
rundtomkring-
om dette er noko me greier.
(ABM 29.08.18)
 
 

lørdag 18. august 2018

Ord i dag 18. august 2018



Rosene utanfor vindauga mitt
heng våte og pjuskete
i regnet og vinden.
 
Hausten nærmar seg
og båten må snart på land.
No er det slutt på den gode tida
med varme og
den milde lufta
om kvelden.
 
Eg gruar meg til
vinterdagen
med mørke og regn i vente.
 
Kanskje kan eg setja opp
eit stort lerret på
staffeliet
og mala sola som skimrar
kring båten min
ute på sjøen.
(ABM 18.08.2018)

torsdag 16. august 2018

Oktober


Det mørknar mot oktoberkveld
ein stad langs svarte stranda.
 
Me sit heilt still i båten vår
i natta mørk og grå.
 
Mens lyset over himlen går
frå her til alle landa.
 
Eg tenkjer på
at du ser same lyset nå
langt langt borte herifra.
(ABM 19.10.2015)
                                                                               

                                                                                 

fredag 10. august 2018

Ord i dag 10.08.2018


Dra opp landgangen.
No kastar me loss
og seglar ut på det
store havet.
 
Me veit ikkje vegen
og kvar ferda går.
 
Det er mange no
som står med kofferten
i handa
og drar ut
for første gang.
 
Eg hugsar eg var 17 år
og hadde fått hybel
I Bergen - i Øvregaten.
 
Eg hadde ein koffert
og ei veske.
 
I kofferten hadde eg
litt klede
ein brunost
eit stykke kvitost
eit glas med syltetøy
og eit brød.
I veska hadde eg ingen ting.
 
Eg vart ikkje verdensmeister
i  noko fag.
Men eg lærte å meistra
livet mitt.
 
Saman med gode vener
hyggelege lærarar
og ho som eg blei
kjærasten med.
 
Å meistra livet
den viktigaste lærdomen
av alt det viktige.
 
Når du er 17 år med
ein koffert og ei veske
på busstasjonen i Bergen
ein augustkveld.
(ABM 10.08.2018)