Sider

torsdag 15. mars 2018

15. mars 2018: Ord i dag


Kvitveisen blømer i hagen.
Dei andre blomane kjem
etter kvart.
 
Det er sikkert nokon
som vil øydeleggja våren også.
Slik som det alltid er nokon
som vil øydeleggja.
Alt. Kva som helst.
 
Slik går dagen.
I ei forunderleg verd.
(ABM 15.03.2018)
                                          
                                           Teikna av eit barn. 6 år

tirsdag 13. mars 2018

12. februar 2018: Ord i dag


Det snøar lett i dag.
Sola skimtar eg i skyene.
 
Rundt i verda er det
nett som før
krig og uro
og krangel om det minste.
 
Slik går dagane sin jevne gang.
Tenk om nokon hadde ruska til
og sagt at nok er nok.
No oppfører me oss som folk
og deler med kvarandre.
(ABM 12.03.2018)

                                                       

                                              

mandag 12. mars 2018

12. februar 2018: Ord i dag


Det snøar lett i dag.
Sola skimtar eg i skyene.
 
Rundt i verda er det
nett som før
krig og uro
og krangel om det minste.
 
Slik går dagane sin jevne gang.
Tenk om nokon hadde ruska til
og sagt at nok er nok.
No oppfører me oss som folk
og deler med kvarandre.
(ABM 12.03.2018)

                                                        

torsdag 8. mars 2018

8. mars 2018: Ord i dag


Eit barn i ruinane.
Skiten blodet apatisk.
I eit minneprogram
på TV frå 2002.
 
Då tenkte eg på
at kvar dag har eg sett
bomba barn.
I blad aviser på TV.
 
Så lenge eg kan hugsa.
Til sommaren
blir eg 74 år.
 
Endå ikkje det klarar
me å få slutt på.
Bomba og sundskotne
barn i ruinar.
(ABM 08.03.2018)

tirsdag 6. mars 2018

06.03.2018: Ord i dag



                                Livet er så mangt 

Somme uttrykk sit fast i meg.
-og vegjine falle so vide-
Desse orda tenkjer eg på,
rytmen og tonen trøystar meg då.
 

Når dagen er sliten og vrang.
-og vegjine falle so vide-
Fortel meg at vegen er mangt.
Fortel at i morgon når eg nok langt.
 

At verda er romsleg og stor
                                                          og skaper det livet me lever
og ljoset skin over jord.
 

-og vegjine falle so vide- 
(ABM 03.03.2014)

                                                                             

torsdag 1. mars 2018

2. mars 2018: Ord i dag


Klokka er åtte,
og det er bitande kaldt.
 
Eg lengtar etter sommaren
og båten min.
 
Driva med ver og vind.
Til dess me kastar anker
ved ei strand.
 
Der kan me liggja
og snakka i lag
heilt til det gryr av dag.
(ABM 02.03.2018)

                                                                

1. mars 2018: Ord i dag


I gamle dagar langs kysten.
 
Kvinna på haugen
Bak naustet.
-Kjem han attende
i dag og.
Eller blir han der ute.
 
Kystkvinna i alle tider
og det enkle spørsmålet:
-Eller blir han der ute.
(ABM 01.03.2018)