Forventningane uroar meg.
Om ljoset og sola som
stig
strålande over fjella i
aust.
Men eg sit heilt still i
dag.
Eg kan ikkje gå ut i det
skirande morgonljoset.
Mange har det slik.
Skal tru om nokon vil sjå
inn til meg
Så kan me mala eit bilde
av dagen som gryr
og strålar fram.
(ABM
21.02.2018)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar