GalleriABM
Sider
Start
onsdag 28. februar 2018
28.02.2018: Ord i dag
I dag skin sola
og det er kaldt.
Presidenten smiler
og bombar folket sitt.
Og det er alt.
Det einaste eg orkar
er å rydda litt
i rotet mitt.
(ABM 28.02.2018)
tirsdag 27. februar 2018
27. februar 2018: Ord i dag
Det er møysommeleg
å byggja demokrati.
Møysommeleg å forstå
kva solidaritet er
og kva likskap tyder.
Det er enkelt å bryta
ned demokratiet.
Folk som vil ha makt
og pengar for einkvar pris.
Dei skrotar verdiar.
Dei skrotar menneske
dei ikkje vil ha
Dei skrotar lovene
som ikkje passar i diktaturet.
Dei skrotar dyktige folk
og set inn nikkedokker.
Dette fortel historia oss.
Men me lærar aldri.
(ABM 27.02.20.18)
Teikna av barn 6 år.
mandag 26. februar 2018
26. februar 2018: Ord i dag
I dag snøar det, og kulden bit.
Det er lenge til
liljekonvallar og
engsoleier strålar.
Eg trur eg finn fram penselen
og malar eit bilde
av sommaren
der fargane
hopar seg opp.
Då kan vinteren gå sin gang
til han blir borte
av seg sjølv.
(ABM 26.02.2018)
søndag 25. februar 2018
25. februar 2018: Ord i dag
når regjeringa gjev ordre om å henta
flyktningar ut or guds hus
når regjeringa vil utvida
fullmaktslovene til å gjelda
i fredstid
når regjeringa gjev pengar
til dei rike
og tar frå dei fattige
då lever me i ein stat
me ikkje likar
å samanlikna oss med
(ABM 25.02.2018)
Teikna av barn 6 år
lørdag 24. februar 2018
24. februar 2018: Ord i dag
Gje meg ein tone i kveld.
Frå seglet som strammar og slår
og bølgjer som klukkar og får
båten min trygt inn til land.
Ein stad som eg ikkje veit om.
Der skal eg leggja meg
sakte til kai og spørja
kvar er eg no.
Gje meg tonen i kveld
når eg snakkar med deg.
Eg veit du vil sei noko
viktig til meg.
(ABM 24.02.2018)
fredag 23. februar 2018
23.februar 2018: Ord i dag
I dag skal eg ut og fanga solstrålar.
Våren nærmar seg
og eg ser dei.
Då kan eg sei til dokteren på kontroll.
Hofta blir nok betre no.
Eg fanga solstrålar i dag.
(ABM 23.02.2018)
torsdag 22. februar 2018
22. februar 2018: Ord for dagen
Kan henda fortener
dei rikaste å bli rikare.
Kan henda fortener
dei fattigaste å bli fattigare.
Det seier Trump, Solberg,
Jensen og Listhaug.
Og alle som stemmer på dei.
Og heiar på dei.
Slik går denne dagen også.
Eg er flau på dine vegne
som har mist det vesle
du hadde.
(ABM 22.02.2018)
Teikna av eit barn 6 år
onsdag 21. februar 2018
21. februar 2018: Ord i dag
Forventningane uroar meg.
Om ljoset og sola som stig
strålande over fjella i aust.
Men eg sit heilt still i dag.
Eg kan ikkje gå ut i det
skirande morgonljoset.
Mange har det slik.
Skal tru om nokon vil sjå
inn til meg
Så kan me mala eit bilde
av dagen som gryr
og strålar fram.
(ABM 21.02.2018)
tirsdag 20. februar 2018
20. februar 2018: Ord i dag
Skammeleg, skammeleg.
I dag melder dei at justisministeren
set ned eit utval
som skal greia ut
at regjeringa får vidare fullmakter.
Til å styra og jaga på folk.
Demokratiet forvitrar.
Og despotane vinn fram.
Skammeleg, skammeleg.
(ABM 20.02.2018)
Teikna av eit barn 6 år
mandag 19. februar 2018
19. februar 2018: Ord i dag
han stod i ruinane og sa
no er alle lei av krig
sa han om att og om att
eg tenkte med meg sjølv
kvar kjem krigen ifrå
kven lagar krig med vilje
historia fortel meg
at det er alltid er nokon
som vil laga krig
kvifor finn me dei ikkje
desse personane i tide
og får dei på andre tankar
(ABM 19.02.2018)
Teikna av gut 6 år
søndag 18. februar 2018
18. februar 2018: Ord i dag
I dag skin sola, og det lysnar no.
Kjøttmeisa sit på matposen heilt ro.
Gje meg eit bilde frå fjord og sjø.
Så kan me kvila i fred me to.
Drøyma oss vekk til framande land.
Kanskje finn me det ein gong.
Det som me ser etter no.
(ABM 18.02.2018)
lørdag 17. februar 2018
17.02.2018: Ord i dag
Tenk om eg kunne finna
eit ord som gjer at alle gler seg.
Glade fargar og gilde bokstavar.
Gulgledefangst.
Så kan alle tenkja på.
Kva betyr det for meg.
(ABM 17.02.2018)
fredag 16. februar 2018
16. februar 2018: Ord for dagen
Vadlasletta og snø i lufta.
Postbilen fer forbi.
Eg set meg litt til rette i stolen no.
Og er glad eg kan ta det med ro.
Eg høyrer på radioen lite grann.
Krig og ufred er som før.
Folk dei snakkar om mange land.
No trur eg eg skrur radioen av.
Les i boka mi og gløymer mas og kav.
(ABM 16.02.2018)
torsdag 15. februar 2018
15. februar 2018: Ord i dag
I dag sit eg inne i fred og ro.
Mens stormen ular forbi.
Eg trur me kan sitja i stolen i dag.
Så tenkjer me tankar i lag.
Den store tanken er fred på jord.
Den kan me gløyma, kjære.
Trur du nokon hugsar det.
Når det var fred i alle land.
Kanskje er det muligens
fleire enn oss
som grublar litt på det?
(ABM 15.02.2018)
onsdag 14. februar 2018
14. februar 2018: Ord i dag
Fjorden går kvit i dag.
Skyene hopar seg opp i lag.
Vinteren går mot slutten no,
og uroa inni meg held seg i ro.
Flyttfuglane samlar seg langt i sør.
Eg gler meg til dei i tunet trør.
(ABM 14.02.2018)
tirsdag 13. februar 2018
13. februar 2018. Ord i dag
I dag skin sola over taket
Til naboen vår.
For første gong i år.
På verandaen og inn i stova.
Måkane ligg på vinden
og våren er snart på gang.
(ABM 13.02.2018)
mandag 12. februar 2018
12. februar 2018: Ord i dag
Fjell og fjorden
gøymer seg.
Snøen laver ned.
Hofta plagar meg.
No vil eg snarleg
vera med.
Eit enkelt ord i dag.
Men dersom gnisten
i meg vinn
så kjem dei lag på lag.
(ABM 12.02.2018)
søndag 11. februar 2018
Det nye ljoset og forventningane
Aninga av ljos over himmelen.
Speglar fjorden og dei høgaste fjella.
Ljoset og den nye dagen finn du
i speglingane over himmelen.
Slik er det også med oss alle.
Ljoset, livet og forventningane finn oss
når dagen gryr.
(
A
BM
25.09.06
)
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Kommentarer (Atom)