Sider

søndag 28. oktober 2012

Innleiing





 A-B-C boka ramma vår barndom inn.
Ho var grensa for læreplanen i skulen.
Boka låg i ranselen som ein heilagdom.
Ho skulle vera vår bok for alltid.
Ingen skulle ha ho att.

A-B-C boka var mi.
Harepusen, bjørnen, blomane,
Ola, Kari og alle dei andre eg kjende.
Og så bokstavane og orda som opna verda mi.
Då oppdaga eg litt om litt den verkelege A-B-C boka.
Læreplanen om livet.

Så var eventyret slutt og eg fann fram
mi første A-B-C bok
og reiv ho sund.
Side etter side
og kasta dei inn
 i den flammande elden.

Dette er framsida på eit hefte eg skreiv i 1984. Eg skreiv dikt, songar og noko eg kalla for småsoger. Heftet er illustrert av nokre barn i nabolaget. Dei fleste av Lars Malvin Røssland Kvinge som då var 8 år. Me var eit vanleg lokalt samfunn i 1984, og eg skreiv om samfunnet sett frå barna sin ståstad, og ut frå dei vaksne. Det er sjølvsagt mine inntrykk og tankar, men kanskje er dei eit ørlite bilde av eit bestemt tidspunkt og ein bestemt stad.
Heftet heiter "Vi knuser våre bilde.  1984"
Utgangspunktet var romanen "1984" av Georg Orwell. Han skreiv denne framtidsromanen i 1949. Boka handlar om ein totalitær stat som er slik at "storebror ser deg" og kontrollerer alt du seier og gjer.
På sett og vis handlar heftet mitt om dette temaet, men også om at livet og samfunnet er meir innfløkt og komplisert enn ein trur.
Eg kallar heftet for ein kabaret. Denne forma med dikt, songar, bilde og småsoger
gjev eit anna inntrykk enn den episke framstellinga.

Forordet i heftet lyder slik:

Kabareten startar nå
1. Sit du der forventningsfull og smiler og er blid
No stemmer vi - no stemmer vi kabareten i.
Ver med på turen i gråt og song
til dess du fangar deg sjøl ein gong.

2. Sjå på meg - no held eg speilet opp ei tid.
No stemmer vi - -no stemmer vi kabareten i.
Eg fortel eksempel frå A til Å.
Alt det andre må du sjøl måtta tenkja på.

3. Ingen sak - og studium - med emnedeling i.
No stemmer vi - no stemmer vi kbareten i.
Alt kjem som døme frå livet så,
kan du kanskje få litt å tenkja på.

lørdag 20. oktober 2012

Du hugsar det annleis enn du trur




(Malt av Besten 62 år og Karl Martin 7 år. Karl Martin laga huset og figuren oppe på himmelen)

Frå eg var liten gut
er det lyset, sjøen og havet eg hugsar best.
Sola skein på dei mest forunderlege stadene.
Det lyste og glitra. Og så hugsar eg dei store båtane.
Og eg tenkte på alt det som Karl Martin tenkte på.
Framande bygningar og figurar, sniglar, store fiskar.
Og så den kjempestore propellen, besten, som den store båten har.

Slik er livet, det forunderlege, det same til  alle tider.
(ABM  01.02.06)


Folket ved fjorden


Eg tenkjer på det.

 Husa var småe og
berga var bratte og
 det var langt ut.

Men det er sjøen
og fjorden og havgapet
eg hugsar.
Og så alle folka. 
Alt var der
til alle tider.
(ABM 22.11.05)


torsdag 18. oktober 2012

Dei to andleta




            
Opplæringstida er slutt no.
Andletet ditt er meisla slik at du lever
livet ditt til du dør eingong.

Augo dine er faste og tomme,
munnen ein strek
med automatisert opne- og lukkemekanisme.
Strekane i kinnet ditt er festna for godt.

Og så går du bort i livet ditt og gjer det du må.
Det andre andletet ditt finst ikkje lenger.
Læreplanen i livet og skulen arbeider saman
om å få det bort.

Så har du mist det andre andletet ditt.

Det som vender seg mot meg – opent, nake
og forsvarslaust.
Munnen mjuknar og strekane viskar ut
alt du har lært,
slik at du møter meg og
fangar mysteriet saman.
           (ABM 1985)

mandag 15. oktober 2012

Vestlendingen





(Malt av Karl Martin 7 år og Besten 62 år)
        
          Vestlendingen er i meg
            alle stader, også
i draumane mine, og i
mareritta som slit.

Dei bratte fjella.

Dei små husa og
det store havet.

Dei mørke maktene, og så
det tindrande lyset ein stad.

Ingen slapp velberga ut, for
du ber alt med deg, og
det slit i deg.

(ABM 01.12.04)

søndag 14. oktober 2012

Kva tenkte gudane på?


Dei høge ville fjella strekkjer seg
til himmelen.  
Alt er veldig. Og alt er stort.
Kulden, snøen og den
 mørke fjorden.
Dei små husa kan me nesten
 ikkje sjå.
Og menneska. Kvar kom dei frå.
Og kvar er dei?
Kva tenkte gudane på,
trur du?
(ABM    16.10.09)


torsdag 11. oktober 2012

Me hugsar på mange måtar


Det er pussig korleis me hugsar. Mange av dikta og bilda har utspring i ei hending eller ein situasjon i barndommen min. Eg har undra meg over kor brutale, konkrete og direkte mange av dei er. Eg begynte å lura på om det var noko med forma i dikt og bilde som hentar minne djupare nede i hjernen enn når me hugsar på vanleg måte. For å undersøkja dette held eg no på å skriva fortløpande det eg hugsar frå barndommen. Då skriv eg ei forteljing, Etterpå kan det bli interessant å analaysera og vurdera dei ulike formene.

God reise


Når du har vandra
langt og lenge,
og er motlaus og
 trøytt og lei,
er du heldig og
møter ein ven.
Inne i dette landskapet
snakkar de om mange
 ting.
Det underlege lyset,
fjorden og fjella.
langt innover.

Eg ser våren kjem i år
også, sa du.
Så gjekk eg og du gav meg
Den gamle irske helsinga:
”Må vegen ta vel imot deg.
Må vinden alltid bera deg fram.
Og må gudane halda handa si
Over deg.”

(ABM nov. 2009)

 



tirsdag 9. oktober 2012

Barnet hugsar leiken og lyset



Barnet hugsar leiken og lyset

 Dei fleste dagane var vanlege.
Fjorden.
Den grå lufta.
Og dei blåe fjella.
Dampen kom.
Og gjekk.
To gonger for veka.

Slik var det.
Til alle tider.
Likevel hugsar eg best dei
sjeldne flammande solnedgangane.

Då var leikekameratane mine
snille med kvarandre.

(ABM 1985)







Forord

Hei.
I denne bloggen finn du dikt og historier som fortel noko frå oppveksten min og frå livet mitt. Det er tilfeldige utval av små og store hendingar.
Du ber også med deg bilde frå barndommen og oppveksten. Ofte er dei uklare og vanskelege å få tak i, men dei pregar deg.
Eg har også laga bilde til ein del av dikta. I nokre høve har eg laga bilda først og så dikta. Når eg lagar bilde og dikt, heng alt saman, form, fargar, ord og rytme. Dei er slik eg fann dei inne i meg sjølv ein stad.
Dikta og bilda fortel andre sider ved historia enn den fortløpande teksten, tykkjer eg. Det er vel muligens noko eg tur, men kan henda kjem diktorda og biletuttrykket får eit djupare lag i minnet mitt. Kven veit?
Kanskje kan eit ord eller eit bilde gje deg ein tanke som du ikkje har tenkt før. Kanskje set han deg på sporet av noko du finn interessant.
Atle Bjørn Mæhle                                                             
Mars 2011

Lyrikkspråket
”Eit ord er ikkje berre eit ord, men ei dør til eit landskap og eit liv.
Skal me sei det slik:
Ordet skal ha ein nøkkels presisjon, men det er nøkkelen til ei dør ut til noko som aldri for to menneske vil vera det same.”
(Torolf Elster i forordet til diktsamlinga ”Gleden og ordet” av Magli Elster)