I 1984 fekk nokre gode vener meg til å laga ei diktsamling. Ho heiter Vi knuser våre bilde 1984.
I den tida var me redde for at jorda som me bur på skulle bli øydelagt. Denne redselen er ikkje mindre i dag, trur eg. Eg snakkar om dette i diktet nedanfor.
1. Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.
2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.
3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.
4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.
5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.
