Tenk å vera langt av lei
å sitja litt så lun og
fin
på trappa ved Montmartre
å vandra i den gamle by
i Roma og Berlin.
Å vera langt der borte-
langt av lei
på torget i Tasjkent
og vandra rundt i
Istanbul
og heilt til Mandalay.
Slik tenkjer eg i stolen
min
og har no alt eg vil
til dess eg tenkjer reisa
meg
då høgg ei smerte til.
Eg tenkjer litt på alle
dei
i denne vide verd
som smertar mykje meir
enn eg
og ikkje har dei heim og
mat
og ingen stad å ver.
(ABM
19.01.2018)