Sider

lørdag 28. juli 2018

Ord i dag 28.07.2014



eg liker å sitja ved
hjørnebordet
eller på
hjørnepulten
 
der kjenner eg meg
trygg og god
og kan sitja heilt i ro
tenkja mine eigne
tankar
 
eller lytta om
du inste langt inne
i meg sjølv
kjem fram med
tankar ord og bilde
 
i dag klarte eg
endeleg å vandra
eit stykke langs elva
i fjellet
til ein foss
og berget
var som eit hjørne
eit hjørneberg
 
der sat seg
trygg og god
i mild og luftig
solgangsbris
og kjøleg fossebrus
 
og tenkte litt på
ingenting
i fred og ro
(ABM 28.07.2018)

torsdag 26. juli 2018

Ord i dag 26.07.2018


 
Mild solgangsbris
på Hardangervidda.
 
Endåtil fiskane i elva
har gått til ro.
Eg og har gått til ro
med kaffikopp og skive.
 
Dei slake liene og fossen.
Her vil eg sitja
til sola går ned.
 
Den sjeldne dagen.
 
Og elles skjer det ingen ting.
(ABM 26.07.2018)

søndag 22. juli 2018

Å vera langt unna



22.juli 2011 var eg langt inne i Sunnmørsalpane. Det var ikkje telefon- eller radiosamband. Etter kvart høyrde me rykte om det som hende i Oslo og på Utøya. Då sykla eg ned frå fjellet til ein plass der det var telefonsamband. Eg høyrde kva som hadde hendt, og nokre dagar etterpå skreiv eg diktet nedanfor og malte bildet.


22.07.11
Eg sykla ned frå fjellet
for å snakka i mobil.
Me høyrde rykte om
det vonde.
Alle som var  døde.
Var det hundre?
Eg berre stod.
Med telefonen
i handa.
 
Lenge
 
Fjella er like bratte
og fossen durar
like sterkt.
Men set kryss
over tjueandre juli.
Set kryss over.
Set kryss over.
 
Set kryss over
gjerningsmannen
og dei som har
leia han på vegen
og styrka han
 i galskapen.
 
Etterpå skal
tjueandre juli
leva inne i oss alle.
Brenna og
halda oss vakne
(ABM 25.07.11)
 
 

onsdag 18. juli 2018

ord i dag 18.07.2018



på trappa
ved Al Aksa moskeen
og Salomos tempel
og med tankane mine
 
den lange historia
frå Abraham
til 18. juli 2018
og alle folkeslag
der i området omkring
i Syria, Iran,
Libanon, Israel, Egypt
og mange fleire
 
i krig med kvarandre
for guden sin
fortalde dei
 
dei drap og herja
og gjer det framleis
 
kven har skulda
 
på trappa
ved Al Aksa moskeen
og Salomos tempel
og undrar meg
(ABM 18.07.2018)

tirsdag 10. juli 2018

Ankerfeste



Stormen uler og dreg i segla.
Me slingrar ute på havet.
 
Endeleg sklir me inn i ei vik
bortgøymd og skjerma
for vinden og kavet.
 
Så kastar me ankeret
Inne ved stranda
langt borte frå ver og vind.
 
Her kan me liggja
og snakka i lag
heilt til det gryr av dag
(ABM 27.02.2018)



 
 

mandag 9. juli 2018

Vegen mot havet


 

Alt og alle startar ein stad.
Elva – ein ørliten bekk.
 
Du også – langt inne i deg -
i det inste.
Kjære – ver med meg på ferda.
 
Så veks det fram
gjennom fossar og stryk,
og stille langs skogen og lia.
 
Det inste fortel deg om verda
som du i livet ditt gjekk.
(ABM 15.04.2018)

 

søndag 8. juli 2018

eg leitar etter deg alle dagar



det mørke og det lyse skifter
og glir over i
kvarandre
også i det inste i meg
 
det kjem fram
det lyse
og gjer meg glad
det mørke
som fargar lyset svart
 
den mørke himmelen
og det skirande kvite
dei lange tomme
viddene
 
endåtil då ser eg deg
kjære
i lyset som skimrar
(ABM 01.05.2017)
 


 

torsdag 5. juli 2018

Draumen



Eg drøymde i natta
om fjorden min.
Der sat me i fjæra
og snakka i lag –
eller på sjøen i båten din
heilt til det grydde av dag.
 
Eg drøymde om
himmel og hav
i fargar så blå.
Fargane elles
var nye for meg.
Gje meg penselen din
når du går.
(ABM 15.04.2018)
 
 

mandag 2. juli 2018

Ord i dag 02.07.2018



I dag er det strålande
sol og sommar.
 
Men eg ser fram til
det gråe ljoset
og dei mørke skyene
over fjella.
Tåkedis i liene.
 
Eg gler meg til hausten.
Kanskje har smertene
sleppt taket.
Då vil eg tola
regnet, vinden
og tunge skyer.
 
Så går eg over myrene
opp liene
og til den høgaste toppen.
 
Der skal eg stå
og gle meg.
(ABM 02.07.18)