Sider

fredag 29. juni 2018

Ord i dag 29.06.2018



 
Lotteriet
 
Syrinbuska utanfor vindauga
har blomstra av.
Vinden puslar i lauvet.
 
Eg har sett på syrinbuska
snart eit år no.
 
Eg tapte lotteriet.
 
Slik er det i livet.
Heile tida er det lotteri
du ikkje veit om.
 
Av og til taper du
og av og til vinn du.
(ABM 29.06.2018)

torsdag 28. juni 2018

Ord i dag 28.06.18



Dei viktige orda

 
Blekket tørkar
og orda står fast.
 
Ord eg tenkjer.
Ord eg seier.
Ord eg høyrer.
Ord eg føler.
 
Står fast når eg
har skrive dei ned
og blekket har tørka.
 
Men det usagde ordet
som eg aldri sa
til deg
veit eg er der
mellom oss.
 
Du veit det du også
kjære
når kvelden er nær.
(ABM 28.06.2108)
 


onsdag 27. juni 2018

Ord i dag 27.06.2018




Stengt inntil vidare
 
Kontoret er nå stengt,
sa du.
 
Tenk om alle
kan seia det.
 
No er eg stengt
og opnar att
om to timar
om to dagar
eller kanskje
om to år.
 
Då kunne eg
sitja heilt roleg
å sjå ut i det
tomme
himmelrommet.
 
Eller kanskje innover
i meg sjølv
til det inste.
 
Då kan eg spørja
om alle ting.
Og det inste fortel
meg kanskje
noko om livet
og om den
strålande kvelden
eg skal sitja
å vaka med deg
og snakka om
gode ting.
(ABM 27.06.2018)
 
 
 
 

mandag 25. juni 2018

Ord i dag 25.06.2018



I dag fann eg kladden til eit dikt
som eg skreiv i september 2016.
 
Ha ein god dag
19. september 2016
21 grader i hagen vår
kl 22.
 
Den varme lufta
vaker rundt meg.
Omsluttar meg
og blomane og alt
som er rundt meg.
 
Tenk om me kunne
sitja i det varme mørket
og snakka om
alvorlege ting.
 
Du og eg og alle
utan unnatak.
Sitja der og sei
at no er det slutt
på alle krigane
og alt vondt
 
Hjelpe meg.
21 grader i hagen vår
kl 22 19. september 2016.
(ABM 25.06.2018)
 
 

onsdag 20. juni 2018

Ord i dag. 20. juni 2018



livet er så mangt
 
stundom innimellom
snur livet vranga til
 
då finn du meg ein stad
som lindrar og som døyver
 
framfor staffeli med penslar
og klare sterke fargar hopa opp
 
vandra rundt så langt og lenge
 
 
som kroppen toler
der i fjellet som eg saknar sårt
 
sitja stilt i ro og sjå på sjøen
eg veit så godt eg finn deg att
 
ein dag for lenge lenge sidan
då var du med på denne ferda
langs fjordane og høge fjell
 
eg veit eg går der enno
med deg ein gong
når livet det har snudd
(ABM 20.06.2018)

lørdag 16. juni 2018

Ord i dag. 17. juni 2018


Det blå lyset
over kvinnheradsfjella.
Tonar bakover i ulike
blåtonar.
Stille og uendeleg.
 
Denne underlege timen
før dagen startar.
 
Eg sit i stolen
og kjenner
at smertene likar meg
i dag også.
 
Snart snur sola
og hausten er nær.
 
Tenk om både
smertene mine
og sola snur.
Til det betre
får me tru.
(ABM 17.06.2018)
 
 

torsdag 14. juni 2018

Ord i dag 14. juni 2018



draumen lever ennå
 
å sitja i båten tidleg i morgongry
 
å føla at strendene, sjøen og lia
er der på ny
 
å kjenna at stormane stilnar
langt inne i det inste
 
å pusla med snøret
om fisken bit
gjer ikkje det minste
(ABM 14.06.2018
 
 

tirsdag 12. juni 2018

ord i dag 13. juni 2018



pianodagen
 
det var ein god dag
eg spelar piano
 
du henta meg
 
eg spelar piano
den fullsette salen
eg sette meg ned
 
fingrane flaug
over dei svarte og
kvite tengentane
 
lydlaust
i lause lufta
(ABM 13.06.2018)
 
 

lørdag 9. juni 2018

Ord i dag 10.06.2018



Det startar noko nytt
kvar morgonstund.
 
Ljoset over fjella
langt der borte.
 
Dagen kjem
med godt og vondt.
 
Kanskje veit du
kva som skjer.
 
Men ofte er det slik
at du må venta
og venta
og vona på det best.
(ABM 10.06.2018)
 
 

ord i dag 09.06.2018



eg fekk adressa
til ei som eg leika
saman med
gjekk på skulen i lag
frå me var fem år
til me var tolv år 
då flytta ho
eg hugsar
mange gleder
og ei sorg
over at ho flytta 
no er me 74 år
ho ringde til meg
i går
forunderleg
det var nett
som om me heldt
fram samtalen
(ABM 09.06.2018)
 
 

torsdag 7. juni 2018

Ord i dag. 08.juni 2018



Ein stille dag
 
Spreidde skyer
sig over himmelen.
Strålande ver i dag.
 
Men eg er på veg
til andre ting.
 
Eg badar ikkje i dag,
og båten ligg i hamn.
 
Av og til er livet slik.
Den vrange sida fram.
(ABM 08.05.2018)


ord i dag. 7. juni 2018



dagane går
 
dagane går sin gang
den eine dagen
med glede og gode ting
 
den andre dagen
mørknar det
av alt som skjer
av uver
storm og
styggeskap
 
men uansett
kor det ser ut
så ljosnar det ein gong
og sola skin
i lia langt der borte
 
då gløymer eg det mørke
inni meg
for sola lyser snart
i stoveglaset mitt.
(ABM 07.06.2018)