Sider

søndag 24. desember 2017

Skunda på


Skunda på
for no er dagen slutt
det mørknar over fjorden.
 
Skunda på
eg ser du har det travelt
du leitar etter mat.
 
Skunda på
for hjelmen står og passar på
at me går heim i natta nå.
 
Skunda på
i teltet er det ingen ting
eg legg meg svolten no i kveld.
 
Skunda på
å vera flyktning i eit framandt land
eg håpar huset står der heime.
(ABM 21.12.2017)

Det røyner på


 

 

Det røyner på
for oss når jula nærmar seg
og maten skal i hus
 
 
og pakkene på plass. 
 
Det røyner på
for oss når regnet kjem
og snøen smeltar vekk,
då kan me gli og slå oss.
 
Det røyner på
for oss når dagen går
mot seine kveld
og mange ting er ikkje gjort.
 
Det røyner på
for dei som lite har
som gneg på gamle brød
og ingen ser til dei.
 
Det røyner på
for dei som flyktar ut or
huset sitt og landet sitt
og svelt i hel så sakte.
 (ABM 20.12.2017)

lørdag 23. desember 2017

19. desember 2017



 
 
I jula syng me
«slekters gang» og
«fred på jord».
 
I dag
ligg eg på sjukehus
og opererer vekk
den gamle hofta
og får meg inn ei ny.
 
I dag
er eit barnebarn
på sesjon og skal inn
i militæret.
 
I dag
får eit anna
barnebarn ein liten gut
mens eg vert operert.
 
Slektene går
«slekters gang.
 
Men kva tid trur du
det vert
«fred på jord».
(ABM 19.12.2017)

torsdag 14. desember 2017

historia går rundt og rundt


det ljosnar over davids by
 
jødane vart spreidde rundt
av keisaren i roma
men evangeliet
om jesus krist
det nådde langt og lengre
bortom dei
 
palestinar og arabar
flytta inn i israel
dei hadde ikkje anna land
 
så kom korsfararane
etter tusen år
med skrekk og gru
og tok jerusalem
 
så gjekk det nokre
hundre år
og arabarane dei tok
byen att
 
etter nye åtte hundre år
og jødane fekk landet att
 
og davids by ein evig
stad for kristne, jødar og arabar
 
denne soga rundar
rundt på ny
i dag i morgon og på ny
kven eig den gamle by
(14.12.2017 ABM)

 

tirsdag 12. desember 2017

Dagane går sin gang



Innanfor er ljos.
 Skinande og glede.
 
Utanfor er dei tronge
Fjordane
det vide havet.
Storm og dei ville
bølgjene
som slår og slår
mot strendene
mine.

(ABM 12.12.2017)